annonse

Lokal Lotto-vinnar vart feira med kake

HADDE PYNTA
HADDE PYNTA: Lisbeth Johnsen og Stian Jordalen delte ut kake og hadde pynta Petersens Handleri for å feira lottovinnaren. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FEKK KAKE
FEKK KAKE: Aslaug Himle var ei av dei som fekk kake av Lisbeth Johnsen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FLEIRE VINNARAR
FLEIRE VINNARAR: Det er ikkje første gong nokon blir lottomillionær på Dale. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Mannen frå Vaksdal kommune som vart lottovinnar etter å ha kjøpt kupong på Petersens Handleri, vart tysdag feira med marsipankake.

Kristine Næss Thorsen

– Det er kjempestas, seier Stian Jordalen, eigar av Petersens Handleri.

Saman med Lisbeth Johnsen, som jobbar på handleriet, skjer han opp ei stor marsipankake med påskrifta «Hurra! En av våre kundar har vunne 2.080.925 i Lotto».

– Me har funne ut at Dale har ein overflod av lottomillionærar, og har til og med hatt fleire vinnarar enn Verdal. Iallfall har fem personar blitt lottomillionærar her, smiler han.

– Bra med delt premie

Same laurdag som 50-åringen frå Vaksdal kommune vann om lag 2,1 millionar, vann også seks andre nordmenn same beløp. Jordalen meiner det flott, slik at ikkje berre ein person vinn fleire titals millionar kroner.

– Folk er veldig glade berre dei vinn over 100-lappen, seier han.

Anonym vinnar

Tysdag kjem fleire innom Petersens Handleri for å få eit stykke kake, deriblant Aslaug Himle.

– Eg håpar at det er nokon som har bruk for premien som vart lottomillionar, seier ho.

Lottovinnaren har ikkje gjort seg til kjenne, men har sagt til Norsk Tipping at pengane skal brukast fornuftig, og at mykje skal gå til sparing og nedbetaling av gjeld.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.