annonse

Lokal musikknostalgi i Puben

DONAKEE
DONAKEE: Frå venstre Øystein Hesjedal, Øystein Bakke (nede), Jarle Pedersen, Harald Birkeland og Olav Auro. (Foto: Privat)

40 år etter at bandet Donakee vart starta og hiten People of the space vart laga, er det klart for mimring i Smia pub.

Esben Hesjedal

Laurdag vert det lokal livemusikk i puben på Dale. Ikkje berre har dei gamle rockarane i Donakee, som i stor grad seinare vart Dawn At Midnight, pussa støvet av instrumenta, men også Fata Morgana stiller.

People of the space

Øystein Bakke er med i alle banda, og dalingen som no bur på Garnes, er mannen bak signaturlåten People of the space, som vart laga i 1978 og gitt ut på singelplate nokre år seinare.

Låten har sidan følgt Bakke og resten av Donakee-gjengen.

– Folk hugsar tydelegvis den låten, for me har alltid fått spørsmål om å spela den. Å seia noko fornuftig om sjølve låten er vanskeleg, synest eg. Det var den aller første låten eg skreiv, og på ungdommeleg vis handla det mest om å få tekstlinjene til å rima. Til slutt så vart det ein låt med nokre litt filosofiske tankar rundt det om me verkeleg er åleine i universet, smiler Bakke.

Starta på guterommet

Bandet Donakee vart starta heime på guterommet av Olav Auro, Harald Birkeland og Øystein Bakke for 40 år sidan.

– Det fanst ikkje musikkskule eller slikt, så me måtte prøva å læra oss å spela sjølve. Men me hadde jo eit klart ønske om å bli popstjerner, og sette i gang med ungdommeleg pågangsmot. Me visste om ein gitarist frå Dalegarden, Jarle Pedersen, og fekk han med i bandet. Harald Hårvik kom til på keyboard, som seinare vart erstatta med Øystein Hesjedal. I starten øvde me i garasjen til far min heime på Kalvakroken, men eg er usikker på kor glade naboane var for det. Eg hugsar det vart sagt at folk hadde høyrt oss opp på Dalestølen, då var me stolte, ler Bakke.

Seinare vart det øvingar i Festiviteten og på ungdomsskulen, og i 1983 kom singelen People of the space som vart svært populær og også spelt på radio.

CD og storjobb i Stavanger

Seinare starta delar av same gjengen bandet Vanity Fair, som etter kvart vart heitande Dawn At Midnight. Det toppa seg tidleg på 90-talet med utgjeving av ein CD med fire låtar og oppdraget om å vera oppvarmingsband for svært populære The September When med Morten Abel i spissen.

– Med Dawn At Midnight bandet spelte me både på Hulen, Maxime og Garage i Bergen, men desidert størst var det den gongen me fekk vera supportband til The September When på Folken i Stavanger. Då følte me oss som skikkelege rockestjerner, tok fly til Stavanger og kom til duk og dekka bord. Det var verkeleg ei stor oppleving, og på den tida meiner eg me var eit skikkeleg godt rockeband. Då var Kai Henning Fotland på trommer og Jan Eirik Gullbrå på bass komme til, fortel Bakke.

Fata Morgana

På Puben på Dale laurdag vil dei fleste av dei som spelte i Donakee og Dawn At Midnight vera samla igjen. I tillegg spelar Fata Morgana, som no stiller med Rune Karlsen, Erling Larsen, Helge Boge, Øystein Bakke og Kai Henning Fotland.

– Me håpar mange vil komma i Puben og vera med å mimra saman med oss. Folk på vår eigen alder hugsar nok mykje av det me kjem til å spela. Men det er sjølvsagt kjekt om dagens ungdom kjem og høyrer på det som folk lytta til for 30-40 år sidan også. Eg trur eg kan lova at det er såpass trøkk i oss endå, at me framleis skal blåsa ut litt øyrevoks frå dei som er unge i dag, ler Øystein Bakke.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.