annonse

Lokale lag på Ål cup

ÅL CUP
ÅL CUP: Vaksdal J11 var hoppande glade. (Foto: Privat)
ÅL CUP
ÅL CUP: Stanghelle J12 og J13 samla til fotografering på Ål. (Privat foto) (Foto: )
ÅL CUP
ÅL CUP: Stanghelle J14 vann fire kampar og spelte ein uavgjort. (Foto: Privat)
ÅL CUP
ÅL CUP: Dale IL J11. (Foto: Privat)
Ål CUP
Ål CUP: Vaksdal G11. (Foto: Privat)
ÅL CUP
ÅL CUP: Stanghelle J14 og J15. Ikkje alle spelarane var til stades då dette biletet vart tatt. (Foto: Privat)
ÅL CUP
ÅL CUP: Stanghelle J15 får pokal for 3. plass. (Foto: Privat)
Ål cup
Ål cup: Dale J11. (Foto: Privat)
ÅL CUP
ÅL CUP: Stanghelle J12 og J13. (Foto: Privat)

FOTBALL: Med helga var sju lag frå Vaksdal, Stanghelle og Dale på cup på Ål.

Over 50 unge spelarar var laurdag og søndag i aksjon i cupen på Ål, som har blitt ein årleg utflukt for lokale fotballag.

Dale IL og Vaksdal IL stilte med J11-lag, som begge beit godt frå seg og bokførte fleire fine sigrar.

Gutar og jenter

Vaksdal IL hadde også med eit G11-lag, og Stanghelle IL eit J12-lag som også vann fleire kampar mot god motstand.

Stanghelle sine tre samarbeidslag i ungdomsklassane bestod av spelarar frå Dale, Stanghelle og Vaksdal. Her var det sluttspel og kamp om pokalar.

Stanghelle J13 vann ein kamp og spelte ein uavgjort, og gjekk til b-sluttspelet.

Tredjeplassar

Stanghelle J14 kom til slutt på tredjeplass i a-sluttspelet, etter å ha slått Krødsherad i bronsefinalen. Laget gjekk ubesigra gjennom turneringa, med fire sigrar og ein uavgjort. Berre eit uheldig myntkast skilde jentene frå finalen.

J15 kom heim med pokal for tredjeplass, etter å ha slått Geilo i bronsefinalen.

Med det var det to bronsepokalar med toget heimover frå Ål søndagskvelden.






Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.