annonse

Lokaloppgjer også i 2019

LOKALOPPGJER
LOKALOPPGJER: Det vert nye lokaloppgjer mellom Dale og Vaksdal neste sesong. Her frå kampen på Geitabakken i haust. (Foto: Arkiv)
INTERESSE
INTERESSE: Det brukar å vera bra med folk og god stemning under lokaloppgjera mellom Dale og Vaksdal. Her tek Andreas Eide Søberg frispark på Geitabakken. (Foto: Arkiv)
TETTE
TETTE: Kampane mellom Vaksdal og Dale brukar å vera tette. (Foto: Arkiv)

Også neste sesong vert det lokaloppgjer mellom Vaksdal og Dale i seniorfotballen for menn.

Hordaland fotballkrets har sett opp avdelingane for 6. divisjon, som begge våre lokale lag rykte ned til.

Dale og Vaksdal er plassert i avdeling 2 saman med Eidsvåg, Galgen, Hausvik, Hordabø, Hovding, Masfjord, Nordre Holsnøy og Sleipner.

Når i sesongen lokaloppgjera mellom Dale og Vaksdal skal spelast, er ikkje avgjort.


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.