annonse

Lokalt rockeband spelar i puben på Dale

SATSAR
SATSAR: Vokalist Charlotte Marlen Midtun og bassist Ole Christian Tøsse i aksjon under ein konsert på Madam Felle i Bergen. (Foto: Nic Levin)

Bandet Violent Gin har halde ei rekkje konsertar i det siste, og laurdag spelar dei i puben på Dale.

Stine Strand Carlsen

– Me gler oss til konserten, og håpar mange vil komma og høyra på oss, seier eksingedøl og gitarist i Violent Gin, Øyvind Flatekval.

Rockegruppa vart etablert på vårparten i fjor, og i mai gav dei ut debutsingelen «I Would Lie». Gruppa består at Øyvind og broren Simon Flatekval, Ole Christian Tøsse frå Stamnes og vokalist Charlotte Marlen Midtun frå Osterøy. I haust har bandet halde fleire konsertar lokalt.

– Me har spelt ulike stader på Voss og i Bergen, så no var det på tide å spela i heimkommunen, seier Flatekval.

Utviklar nytt materiale

Bandet driv sitt eige plateselskap, Violent Gin Records, og har øvingslokale på Eknes utanfor Knarvik. Dei håpar å kunna gje ut fleire singlar i tida framover.

– Planen er å gjera ein del studioarbeid i desember, og me har mykje nytt materiale på gang. Me testar ut nye songar på konsertane, og så langt har me fått god respons. Sjangeren me opererer innanfor er metal-inspirert rock. I puben kjem me også til å spela kjende coverlåtar, i tillegg til vårt eige materiale, seier Flatekval.

Bandet har også andre spelejobbar framover.

– Me har ein del avtalar på gang, men det er enno for tidleg å røpa kvar. Det er sjølvsagt veldig kjekt at me vert lagt merke til.

Jobbar med album

Det er krevjande å driva med musikk ved sida av jobb og familieliv, men bandet har eit håp om å veksa seg større.

– Det er ikkje alltid så lett å kombinera alt, men me utviklar oss stadig og satsar på å gje ut eit album om ikkje så alt for lang tid, seier Flatekval.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.