annonse

Lydmannen med mange jern i elden

LYD
LYD: Helge Boge trivst godt når han kan jobba med lyd. (Foto: )

Helge Boge er ein aktiv kar. Aller best likar han seg når det er konsert og han kan styra lyden bak miksepulten til Boge Lyd.

Etter at innspurten med nokre julekonsertar var unnagjort, har det vore nokre rolege dagar for mannen som til dagleg jobbar på Felleskjøpet på Vaksdal.

– Ja, det er greitt å roa ned litt i jula. Til kvardags så er det ofte litt hektisk, smiler Helge.

Boge Lyd

Gjennom lydfirmaet han starta for fire år sidan har han gjerne 20 jobbar i løpet eit år. Med opprigging, lydprøve, konsert og så nedrigging, går gjerne mykje både av dagen og natta.

– Musikk har alltid vore ein kjekk hobby. At eg har kunna gjort hobbyen om til litt jobb, er moro, synest 51-åringen.

Mellom dei kring 20 lydjobbane han har hatt i 2017, er det spesielt to som sit godt att.

– No i haust hadde eg og kollega Rune Karlsen lyd og lyd på Abigail Petersen sin konsert der ho presenterte sitt nye album. Konserten i samfunnssalen her på Vaksdal vart ei stor oppleving både for publikum og oss lydfolk. Abigail har ei svært flott stemme, og eg har sagt det før og kan godt seia det igjen: Ho fortener å stå på større scener enn den i samfunnssalen, seier Boge.

Også Bergsdalsbluesen på Lid i august, er noko Boge hugsar tilbake på med glede.

– Det var tre svært gode band som spelte på Bergsdalstunet same kvelden. For oss lydfolk var det hektisk, men kjekt. Me fekk kjørt oss, men då musikarane var fornøgde etterpå, så var det berre moro, smiler Helge.

Spelar sjølv

I tillegg til å vera lydmann, så spelar han også i band. Då er keyboard instrumentet.

– I romjula så er det speling saman med Rakkadeis på romjulsfesten på Stanghelle som står på planen. På dei romjulsfestane pleier det å vera bra med folk og mykje liv. Det at folk er med når ein er ute og spelar, og aller helst fyller dansegolvet, er viktig for dei som står på scena. Får ein god respons frå salen, så er det mykje lettare å gje meir av seg sjølv også, seier Boge.

Hobbykokk

I jula trivst Helge Boge godt med å vera på kjøkkenet.

– Ja, eg likar å kokkelera litt. Gjerne litt større lag der ein kan vera litt kreativ på kjøkkenet. Dessutan så likar eg jo å nyta god mat sjølv også. For meg er det ikkje så nøye med presangar og slikt, så lenge eg får skikkeleg god mat, smiler Helge Boge.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.