annonse

Mange moglegheiter på yrkesmessa

YRKESMESSA
YRKESMESSA: Stor interesse for politiet sin stand. (Foto: )
YRKESMESSA
YRKESMESSA: Linda Lien slo fast at Vaksdal er verdas navle. (Foto: )
YRKESMESSA
YRKESMESSA: Frå Sparebanken Vest sin stand. (Foto: )
YRKESMESSA
YRKESMESSA: Politibetjent Jostein Birkeland viser Lene Kristin Standal Andersen korleis handjern fungerer. (Foto: )
I DAG
I DAG: - De må starta ein stad, gjera noko aktivt. Og det bør skje i dag, professor Jørn Øyrehagen Sunde. (Foto: )
YRKESMESSA
YRKESMESSA: Frå Sæterdal Elektro sin stand. (Foto: )
POLITI
POLITI: Vanja Falkanger (t.v.) og Tonje Trohjell nytta sjansen til å spørja ut politibetjent Jostein Birkeland om politiyrket. (Foto: )

Det var både spenstige føredrag og lokale arbeidsplassar som viste seg fram for dei eldste ungdomsskuleelevane under yrkesmessa i Turbinen sist veke. (Sjå biletkarusell)

Tradisjonen tru fekk 10. klassingane og deira føresette først høyra folk i ulike yrke snakka under yrkesmessa. Professor Jørn Øyrehagen Sunde frå Vaksdal, som jobbar ved Universitetet i Bergen, hadde først ordet. Han snakka mellom anna om den omskiftelege tida me lever i.

– Vil yrket de i dag synest verkar spennande faktisk finnast om 10-15 år? Dersom du vil verta bussjåfør, vil det vera behov for det eller vil alle bussar vera førarlause i framtida? Ein kan gjerne planleggja framtida, men det gjeld også å gjera seg klar for tilfeldigheitene. Og det gjeld å ikkje berre prata, men faktisk byrja ein stad. Truleg hamnar de ein annan plass og i ein annan jobb enn det de har tenkt, men det gjeld å byrja ein plass - og det i dag, sa Sunde.

Verdas navle

Linda Lien jobbar ved fakultet for kunst, musikk og design i Bergen. Ho fortalde om læraren sin på ungdomsskulen som var undrande til valet hennar om å gå på teikning, form og farge, og ikkje følgja opp dei gode matematikk-evnene ho hadde.

– Men eg ville gjera det som interesserte meg. Evner er eit resultat av vilje og lyst til å øva. Og eg øvde mykje på å teikna. Difor vart eg flink, sa Lien.

Ho slo også eit slag for heimbygda Vaksdal.

– Vaksdal er verdas navle. Når det kjem ny veg og jernbane, så vil endå fleire oppdaga det. Fram til då kan eg og sambygdingane nyta det nesten åleine, smilte Lien.

Kommunen størst

Ordførar Eirik Haga fortalde om alle moglegheitene hjå Vaksdal kommune som arbeidsplass.

– Vaksdal kommune har 480 tilsette, fordelt på 350 årsverk. Mange meiner det er tåpeleg at kommunen er den største arbeidsplassen i Vaksdal, men det heng saman med alle oppgåvene innan ulike felt som kommunen er pålagt. I Bergen er Bergen kommune største arbeidsgjevaren. Vaksdal kommune treng tilsette i svært mange og ulike yrke, sa Haga.

Populært med politi

Etterpå kunne elevar og foreldre gå rundt og sjå på standane som lokale arbeidsgjevarar hadde sett opp.

Vanja Falkanger og Tonje Trohjell frå Vaksdal var mellom elevane som gjekk rundt og sjekka ut kva arbeidsplassar og yrke som var representert på messa. Vanja syntest politiyrket verkar spennande, medan Tonje vurderer å ta ei helseutdanning.

– Å jobba i politiet trur eg kan vera interessant. Å kunna hjelpa folk og oppleva nye ting kvar dag, verkar spennande, syntest Vanja.

Ho nytta høvet til å få informasjon frå politibetjent Jostein Birkeland frå Dale, som jobbar ved lensmannskontoret på Voss.

– I politiet har ein vaktordningar, slik at ein jobbar både på dag-, kveld- og på nattetid. Det gjer igjen at ein får friperiodar som kan vera kjekke å ha. Elles er det faktisk ein fordel å vera litt god i norsk skriftleg, for det er ein god del rapportskriving. Eg likar meg godt og kan anbefala å jobba i politiet, sa Birkeland, som hadde med seg fleire politistudentar på yrkesmessa.

Mange moglegheiter

Dei to vaksdalsjentene var overraska over kor mange og ulike jobbar ein finn innan ulike felt i Vaksdal kommune.

– Eg hadde eigentleg ikkje trudd at det var så mange moglegheiter her lokalt. Det verkar å vera gode sjansar for å finna interessante jobbar i kommunen, sa Tonje Trohjell.

eh@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.