annonse

Mann arrestert på Vaksdal

POLITI
POLITI: Bilen som er sett i samanheng med hytteinnbrotet i Myrkdalen, vart funnen på Vaksdal av politiet. (Foto: )

Ein 28 år gammal mann vart arrestert natt til tysdag etter innbrot eller forsøk på innbrot i Myrkdalen.

Kristine Næss Thorsen

Mannen vart sett i varetektsfengsel.

– Me forsøkte å stoppa ein bil i nærleiken av Voss, som ikkje ville stoppa for oss. Me følgde etter den nedover mot Vaksdal. Bilen forsvann for oss, men vart funne att like ved togstasjonen på Vaksdal, forklarar operasjonsleiar i Vest politi, Per Algrøy.

Bilen var tom, men ein mann vart arrestert i nærleiken. Politiet ser bilen i samanheng med eit mogeleg innbrot på ei hytte i Myrkdalen.

– Me fekk melding om dette og det vart observert ein bil. Me får sjekka opp litt, men det ser ut som det er ein samanheng mellom mannen me har arrestert og det mogelege hytteinnbrotet, seier Algrøy.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.