annonse

Mann funnen død på Dale

FUNNEN
FUNNEN: I dette området ved Springvegen på Dale skal mannen ha blitt funnen laurdag morgon. (Foto: )

Ein i 30-åra vart laurdag morgon funnen omkommen i Dale sentrum.

Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arne Samsonsen.

– Mannen vart funnen i ein skråning av forbipasserande, i nærleiken av ein mur. Politiet har oppretta undersøkelsessak, og det er gjort undersøkingar på staden. Førebels er det ikkje gjort funn som tyder på at mannen er utsett for ei straffbar handling, seier Samsonsen.

Den omkomne sine næraste pårørande er varsla.

Mannen skal ha blitt funnen i Springvegen, like ved Daletunet omsorgssenter og fabrikken.

Det er Voss lensmannskontor som granskar hendinga.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.