annonse

– Me treng engasjerte folk

ENGASJERT
ENGASJERT: Ein avisvegg viste at Stian Jordalen har vore engasjert i mykje dei siste 14-15 åra. (Foto: Esben Hesjedal)
TAKKA
TAKKA: Varaordførar Sigmund Simmenes (t.v.) takka Stian Jordalen for engasjemnetet for det lokale næringslivet. Sitjande noverande styreleiar i Vaksdal Næringsselskap, Geir Hanevik. (Foto: Esben Hesjedal)

– Det er menneska i bygdene som er den store ressursen vår. Kva hadde lokalsamfunna vore utan eldsjelene, sa Stian Jordalen under ei samling i Elvahuset sist veke.

Esben Hesjedal

Jordalen har 14 år bak seg i ulike roller i Vaksdal Næringsselskap (VNS). I sommar gjekk han ut av styret, og sist veke vart han takka av under ei samkome.

– Har skoa på

Styreleiar i VNS, Geir Hanevik, slo fast at Stian Jordalen har ei lang og tru teneste i næringsselskapet si teneste.

– Stian har sete i styret i næringsselskapet sidan 2004, han har vore styreleiar og i ein periode dagleg leiar også. Den store styrken til Stian er at han har skoa på, difor forstår han utfordringane som næringslivet har så godt. Han har sett eit stort næringsmessig fotavtrykk etter seg, og han premierer innsats og talent. Me har lært mykje av han, og eg håpar me framleis i framtida kan spørja han om råd, sa Hanevik.

Fortida

Så gav dagleg leiar i VNS, Vidar Skeie, ordet til hovudpersonen sjølv.

– Eg har utfordra Stian til å oppsummera tida si i næringsselskapt, og også seia noko om framtida, sa Skeie.

Så drog Jordalen dei frammøtte representantane frå næringslivet, VNS og Vaksdal kommune gjennom tida si i næringsselskapet. Starten var i andre etasje i Dale stasjon, der VNS hadde kontor saman med Vaksdal Reiselivslag.

– VNS starta i 1997 i ei tid då mølla på Vaksdal og fabrikken på Dale var heilt sentrale og betydde nærmast alt. Men så minka det på arbeidsplassar i hjørnesteinsbedriftene, og i åra framover fekk Vaksdal kommune omstillingsmidlar som næringsselskapet fekk ansvar for å forvalta. Det var store summar det var snakk om, og det vart mellom anna signalisert at telefoni og damearbeidsplassar skulle satsast på. Det var nokre lykkejegerar på døra vår på den tida, det er det ingen tvil om, sa Jordalen.

Nesten-etableringar

Han fortalde om mange og lange møte med potensielle etablerarar opp gjennom åra. Arbeidsmeng og resultat stod ofte ikkje i stil.

– Ein kunne gjerne jobba fleire hundre timar med prosjekt som rann bort i sanden og ikkje vart noko av. Mellom anna var det store planar for eit vestnorsk kompetansesenter for villaks på Dale. Enkelte meinte faktisk at me tenkte for smått, det burde vera eit europeisk kompetansesenter. Så hadde ein jo det mykje omtalte Dale Factory Outlet, noko som vart kalla Food Cycle og eg kan vel seia det no, etter så mange år, at me var svært nære at Voss Fellesbryggeri hadde hamna på Dale, fortalde Jordalen.

Kompetanse

Han slo fast at kompetanse og fagleg støtte er det han brenn for når det kjem til næringsutvikling og hjelp til gründerar.

– Mange har vore på døra til VNS og fokuset har vore kor mykje pengar ein kunne få. Då seier eg at det heller er kurs, kompetanse og sparring rundt ideane dei har som bør gjelda. VNS har hjelp mange bedrifter og etableringar, anten det er det tidlegare kursenteret til BKK som me sit i no, altså Elvahuset, til nærbutikkar, Naboen på Stanghelle, Dale of Norway og Arnpro som flytta verksemda si til Dalegarden. Med dei mange arbeidsplassane som er der i dag, må det kunna kallast ei solskinshistorie, sa Jordalen før han gjekk over til å snakka om framtida.

– Kvar vil me?

– Me må veta kvar me vil som kommune, og så må me involvera oss. Ressurspersonar må på bana, dei er me heilt avhengige av for å få utvikling i bygdene. Kva hadde me vore utan dei som tek eit ekstra tak for fellesskapet, anten det gjeld i frivillige lag eller i andre samanhengar. Me treng engasjement og me må laga lokalsamfunna våre sjølve. Å sitja å venta på at alle andre ordnar opp går ikkje, verken kommunen eller andre. Me må veta kva me vil oppnå, og så må jobba for å setja det ut i livet, slo Jordalen engasjert fast.

– Kva sit me att med?

Han var klar på at ny veg og bane, K5, vil endra bygdene.

– Spørsmålet er kva vil me sitja att med? Eg håpar det veks fram sterke overnattingsplassar. Det må satsast meir på reiseliv i framtida, det er heilt utruleg at me har så lite reiselivsaktivitetar og inntekter som me har i dag. Så håpar eg me i framtida har eit næringsliv som har tru på seg sjølv. Det vil òg vera viktig med ein skikkeleg djupvasskai i kommunen. Elles trur eg service og handel vil vera svært ulik det me ser i dag, men ingen veit korleis det vil utvikla seg, sa Jordalen før han konkluderte:

– Det er enkeltpersonar som vil utgjera forskjellen. Me treng folk som faktisk vil noko og kan setja det ut i livet, og det på mange ulike felt.

– Ein som vågar

Varaordførar Sigmund Simmenes representerte Vaksdal kommune, den største eigaren i Vaksdal Næringsselskap. Han rosa Jordalen for innsatsen i det lokale næringslivet, og for at han vågar å gå eigne vegar.

– Me treng folk som deg for å utvikla lokalsamfunnet, slike som har pågangsmot, vågar og vil noko. Sjølv om du no går ut av styret i næringsselskapet, så reknar eg med at me høyrer frå deg i andre roller og samanhengar. Etter å ha høyrt dine visjonære tankar her, om fortid og framtid, så vil eg minna deg om at det er heilt ope kven som vert ordførar etter valet om eit år. Eg vil oppfordra deg til å melda deg inn i eit politisk parti og gå for ordførarjobben, sa Simmenes.

Styret i VNS

Styret i Vaksdal Næringsselskap består no av leiar Geir Hanevik (Felleskjøpet), nestleiar Bjørn Roald (politikar), Grete Langeland (Dale of Norway), Magne Hestad (fagforeiningane), Brita Hesjedal Lunde (politikar), Jan Hansen (politikar) og Roger Arnesen (Arnpro). Sistnemnde er ny i styret i VNS.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.