annonse

Miniubåt i fjellheimen

LUKELØFTET
LUKELØFTET: Luka, som veg knappe 6,5 tonn, vert løfta på plass i Bergsvatnet. (Foto: BKK)
MINIUBÅTEN
MINIUBÅTEN: Dette er ROV-en som fekk sin norske elddåp i vasstunnelen mellom Berge og Fosse. (Foto: BKK)
LUKEPRAT
LUKEPRAT: Prosjektleiar i BKK, Siri Ramsnes og dagleg leiar i dykkar­firmaet, Olav Erik Hagen (nærast) diskuterer detaljar med arbeidsfolka på Berge. (Foto: )
STORARBEID
STORARBEID: Det er eit stort prosjekt som er i gang i Bergsvatnet. (Foto: )
EIN VIKTIG MANN
EIN VIKTIG MANN: Dykkar Sigurd Røst hjå O.E. Hagen Dykkarfirma gjorde undervassjobben då luka vart heist på plass. (Foto: )

Magne Solhaug

Miniubåt til inspeksjon av krafttunnelar vart testa ut under eit BKK-prosjekt som har gått føre seg på Berge i Bergsdalen sidan mars i år.

Hovuddelen av prosjektet har gått ut på å laga eit stengsel i form av ei ny luke framfor tunnelinntaket til Fosse kraftverk, nede i Bergsvatnet, ei lita mil oppom Fosse. Sist veke kom luka på plass.

Unikt forsøksprosjekt

I forkant har entreprenøren BKK nyttar til oppdraget, utført ein heilt ny type sjekk av delar av vasstunnelen mellom Bergsvatnet og Fosse kraftverk.

– Me har skaffa oss ein slags miniubåt, kalla ROV, som me kan senda inn i tunnelen for å sjekka både kvaliteten på tunnelveggane, om det er lekkasjar, har gått ras eller andre ting. Grafikk, bilete og anna info blir sendt til sentralen vår der me på skjermar og anna utstyr vil kunna fastslå om tunnelen treng utbetringar, fortel Olav Erik Hagen. Han er dagleg leiar og grunnleggjar av dykkar­firmaet O.E. Hagen, som har oppdraget i Bergsdalen.

For ROV-en, som er ein av tre i sitt slag i verda, har Hagen & co. betalt 10 millionar kroner. Jomfruturen var i Bergsdalen.

– Og den var vellukka, alt fungerte fint, seier Hagen.

Spennande framtid

BKK let seg imponera.

– Det at me framover kan utføra inspeksjonar av tunnelane våre på denne måten, utan å tappa dei tomme, er interessant. Ein sparar tid, og det er naturleg nok tryggare om ein fysisk slepp å sjekka tunnelane, men kan i staden senda inn ein miniubåt i tunnelar fylte med vatn, og få ein minst like god sjekk då, seier BKK sin prosjektleiar på anlegget på Berge, Siri Ramsnes.

Seks tonn

Ein milepæl i prosjektet var plassering av ramma framfor tunnelinntaket nede i Bergsvatnet, som altså vart gjort sist veke.

Ramsnes fortel om ein utfordrande jobb med lyftekrane og fagfolk både til lands og til vanns som «bukserte» den over 6 tonn tunge stålramma på 6 x 8 meter med millimeterpresisjon på plass i den støypte ramma nede i vatnet.

– Det tok si tid, men det rekna me med. Mykje må sjekkast undervegs i prosessen, og krava til nøyaktigheit er stor, fortalde Ramsnes til VP.

Skal tørrleggja tunnelen

Når ramma no er på plass, så står det att å sjekka at alt verkar. Det finn ein ut ved å seinka ned i vatnet, også dette via lyftekrane, tre lukeseksjonar som totalt stengjer vasstilførsla inn i tunnelen. Kvar seksjon veg to tonn. Tunnelen blir då heilt tømt, frå inntaket i Bergsvatnet og fram til turbinen inne i Fosse kraftstasjon, 7 km lenger nede i dalen.

– Med det vert det lettare tilgang til tunnelen, mellom anna får me inspisera skikkeleg tilstanden til den gamle inntaksluka som står 60 meter innanfor inngangen til driftstunnelen, seier Ramsnes.

20 millionar kroner

Arbeidet i regi av dykkarfirmaet har vore utfordrande, men nærmar seg no fullføring.

– Det hadde sjølvsagt vore mykje lettare hadde me kunna utført arbeidet tørrskodd. Men på grunn av fare for utgliding av jordmassar og fylkesvegen forbi Bergsura på andre sida av vatnet, så kan ein ikkje seinka vasstanden i Bergsvatnet så mykje at ein kjem ned til driftstunnelen, seier Ramnes om prosjektet som har ein totalkostnaden på om lag 20 millionar kroner.

63 år gammalt kraftverk

I desse dagar er det 63 år sidan Fosse kraftverk vart opna.

– På Fosse kom det i 2012 ny transformator og turbinen er nyleg overhalt. Når anlegget er så gammalt er oppgradering og jamnleg vedlikehald heilt nødvendig. Det handlar om å skapa trygge og gode anlegg med tanke på framtida, seier prosjektleiar hjå BKK, Siri Ramsnes.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.