annonse

Minst ein time tunnelventing på E16

SKAL LYSAST OPP
SKAL LYSAST OPP: Arbeidet med å byta lysa i Beitlatunnelen, mellom Dale og Dalegarden, byrjar i mars. (Foto: Esben Hesjedal)
MØRK
MØRK: Beitlatunnelen har i lang tid vore nokså mørk. I mars startar arbeidet emd å få nye lys i tunnelen mellom Dale og Dalegarden. (Foto: )

Det er lagt opp til kolonnekøyring når lysa skal bytast ut i Beitlatunnelen og Langhelletunnelen, eit arbeid som vil ta kring eit år.

Kristine Næss Thorsen

Arbeidet byrjar i løpet av mars, og skjer om kvelden og natta frå kl. 22.00 til tunnelane opnar att kl. 05.30.

– Kor lang tid bilistane må venta kjem an på kva me jobbar med i tunnelane. Det er vanskeleg å sjå for seg at det kan verta mykje mindre enn ein time venting, seier Rune Sandven, prosjektleiar for tunneloppgraderingar i Statens vegvesen.

Mindre venting etter kvart

Arbeidet med begge tunnelane skal etter planen vera ferdig til april 2019. Jobbinga kan i teorien skje heile veka, men det kjem sjeldan til å vera arbeid der natt til søndag, ifølgje Sandven.

– Ventetida kan også bli lenger enn ein time. Då me jobba med Gudvangatunnelen måtte bilistane stå i tre timar før dei kom gjennom tunnelen. Det kan bli noko liknande her. Me vonar at det ikkje blir så mange gongar me må stengja lenge, men me kan heller ikkje sjå bort frå at det kan skje.

Mellom anna skal grøfta langs heile den eine vegkanten i Beitlatunnelen sprengjast. Utfordringa blir å sprengja så lite at ein klarar å fylla att grøfta til trafikken skal gå neste morgon, forklarar Sandven.

– Elles må det bli kolonne eller trafikklys om dagen i ein periode.

– Blir dei to tunnellane sett i samanheng, slik at ein ikkje må venta ved den eine tunnelen først, og deretter ved den andre tunnelen?

– Ja, me har same entreprenør for arbeidet i begge tunnelane, så det er same firma som avviklar trafikken. At entreprenøren kjem til å samordna dette ligg i korta. Ein slepp med andre ord å venta lenge ved først ein tunnel, og deretter neste tunnel, sjølv om det ikkje blir same kolonne for begge tunnelane.

Ferdig neste år

Han trur likevel det er mogeleg at ventinga blir mindre når arbeidet går mot slutten.

– Sprengingsarbeidet krev mykje tid i starten, men det kan bli mindre når me held på med den elektriske delen av arbeidet, seier Sandven.

Kolonnekøyringa vil også vera avhengig av vind- og vêrforholda. Til dømes kan det bli aktuelt med kolonneoppstilling i næraste tunnel dersom det er mykje vatn, og fare for skred.

– På den måten kan me auka tryggleiken for våre eigne folk og bilistane, seier Sandven, og forklarar at ingen bilar blir sloppe inn i tunnelen utan leiebil når utbetringa går føre seg.

Dersom ein ikkje ønskjer å stå i kø ved Beitlatunnelen, finst det omkøyringsmoglegheit via den kommunale vegen mellom Dalegarden og Dale sentrum. Men dette vert ikkje tilrådd frå vegvesenet, og Sandven ønskjer ikkje å seia noko om denne mogelegheita.

Informasjonstavle

Når arbeidet er ferdig om vel eitt år skal lys og ventilasjon i taket på tunnelane vera skifta, Ved begge tunnelane skal det vera sett opp vegbom og raude stopplys.

– Alt dette treng straum. I Langhelletunnelen kjem me til å leggja trekkjerøyr og kablar bak ein betongføringskant på den eine sida i tunnelen. I Beitlatunnelen må kablane gravast ned under køyrebanen heilt inntil den eine sida av tunnelen, seier Sandven, og forklarar at lyset i tunnelen i arbeidsperioden blir omtrent som no.

– Kva er grunnen til at arbeidet tek såpass lang tid som eit år?

– Sidan arbeidet berre skal skje om natta, og kolonnene køyrar forholdsvis ofte, påverkar dette effektiviteten.

Tre entreprenørar

Vegvesenet fekk sist veke tilboda frå tre aktuelle entreprenørar. Anbodsnemnda i Statens vegvesen, Region vest, skal handsama saka tidlegast i dag, torsdag, om kven som blir innstilt til oppdraget i tunnelane.

– Me håpar på ei positiv avgjerd, seier Sandven.

– Me ser etter at dei har levert oss alt me har bede om, i tillegg til at me ser på pris, kompetansen til dei som skal jobba og HMS-rutinane til kvar enkelt entreprenør,

Dei entreprenørane som ikkje blir valt, har klagefrist på ti dagar.

– Me håpar det ikkje kjem så omfattande klagar at me må utsetja oppstarten på prosjektet, seier Sandven.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.