annonse

Modalen sin nye rådmann

NY RÅDMANN
NY RÅDMANN: Jo Tømmerbakke vert ny rådmann i Modalen. (Foto: Privat)

Jo Tømmerbakke, kommunalsjef i Radøy, vert Modalen kommune sin nye rådmann.

Dagens rådmann Øivind Olsnes sluttar til sommarferien, og denne veka gjekk utvalet som har jobba med tilsetjinga,inn for å tilby Tømmerbakke jobben. I utvalet sitt mellom anna ordførar Tom Kristian Thorsen og varaordførar Kristin Nåmdal. Den formelle tilsetjinga skjer i kommunestyremøtet torsdag neste veke.

– Ein god kandidat, som kom inn takka vera rekrutteringsselskapet Visindi sitt nettverk, seier Thorsen til VP.

Lærar, shipping, kommunalsjef og rådmann

Tømmerbakke seier til VP at han kjem til å takka ja til stillinga. 45-åringen har ein allsidig bakgrunn, mellom anna både frå skipsfart og skuleverket. Han har mange år jobba som lærar i Austrheim. Dei siste fire åra har han vore kommunalsjef for oppvekst i Radøy kommune.

Familiemann

Den nye modalsrådmannen er fødd og oppvaksen på Isdalstø, er gift, har tre born i alderen 14 til 23 år, og er elles det han kallar ein heilt vanleg familiemann. Ski og friluftsliv er to av dei viktigaste fritidsgjeremåla for den påtroppande sjefen i kommuneadministrasjonen i Modalen.

Spennande utfordring

Kvifor vil du til Modalen?

– Ein spennande jobb i ein god kommune, som eg kjenner litt frå før, men ikkje mykje. Førsteinntrykket mitt etter å ha møtt arbeidsutvalet er også positivt. Eg gler meg, seier Tømmerbakke, som satsar på å dagpendla mellom heimstaden i Radøy kommune og Mo.

–Ein time og ti minutt kvar veg på køfrie vegar trur eg skal gå heilt fint, meiner han.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.