annonse

Modalsdagane startar fredag

FOLKEFESTEN
FOLKEFESTEN: Mykje folk plar møtast på Modalsdagane. (Foto: Arkiv)

Med nyskapinga skriververkstad i biblioteket så går startskotet for årets Modalsdagar fredag ettermiddag.

Magne Solhaug

– Skriververkstaden med forfattar Bjørn Sortland var min idé, og eg er glad at me har fått godt med påmeldingar, seier pensjonert kultursjef, Inga Jorunn Nåmdal, som har ei deltidsstilling i kommunen no, der ho mellom anna jobbar med Modalsdagane.

Tradisjonelt

Arrangementet elles er lagt opp på tradisjonelt vis. Mangt og mykje står på programmet både fredag, laurdag og søndag. Konsertar, utstillingar, marknad og bryggjedans for å nemna noko.

– Heine Totland og Twang Gang i Bryggjeslottet fredagskvelden trur eg blir eit flott show, og marknadsdagen laurdag med over 20 utstillarar vil skapa kjærkommen liv og røre i sentrum. Og så blir vêret bra også. Det berre må bli ei kjekk helg dette, smiler Nåmdal og ønskjer alle velkomne til Mo i helga.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.