annonse

Modulskulen kjem på Stanghelle

TILHØYRARAR
TILHØYRARAR: Over 40 personar var på plass då formannskapet behandla saka om modulskule måndag. (Foto: Magne Solhaug)

Måndag vedtok formannskapet, med knappast mogeleg fleirtal, at den mykje omtalte modulskulen skal byggjast på Stanghelle. (Oppdatert)

Magne Solhaug

Dette er i tråd med tidlegare kommunestyrevedtak i saka.

50 på tilhøyrarplass

Om lag 50 frammøtte tilhøyrarar måtte med det innsjå at interessegruppa for modulskule på Dale og Vaksdal ikkje nådde fram med ønsket sitt om modulskule på Dale og Vaksdal, eit ønske som det klare fleirtal av dei frammøtte støtta.

Fire mot tre røyster

Vedtaket vart gjort med fire mot tre røyster. Ordførar Eirik Haga, Heidi Rongved og Anne Christin Eide, alle Arbeidarpartiet, og varaordførar Sigmund Simmenes frå Senterpartiet stemte for Stanghelle. Kjartan Haugsnes (SV), Bjørn Roald (H) og Jan-Erik Bernes Roe (KrF) utgjorde mindretalet som ville ha modulskulen først to år på Dale, og sidan flytta den i to år til Vaksdal.

For og imot

– Dette var ei vanskeleg avgjersle. Men tidsaspektet er det viktigaste for meg her, sa varaordførar Sigmund Simmenes då han røysta med fleirtalet. Han trudde ikkje at tomta i Sandliane kunne gjerast byggjeklar tidsnok til at ein fekk modulskulen klar til hausten.

Kjartan Haugsnes (SV) var kraftig ueinig.

– Eg er 100 % trygg på at løysingane som interessegruppa presenterte for oss for ei veke sidan er gjennomførbare. Økonomisk er det også fornuftig, ei løysing på Sandliane og Vaksdal blir billigare enn Stanghelle, hevda Haugsnes – til inga nytta. Vedtaket vart gjort, eit vedtak som inneber at barneskuleelevane på Dale skal fraktast til ein modulskule på Stanghelle i to skuleår, frå august 2018. Frå 2020 skal modulskulen på Stanghelle nyttast av barneskuleelevane på Vaksdal.

– Gjev ikkje opp

– Dette var utruleg skuffande. Argumenta våre står fast, men fleirtalet bryr seg berre ikkje. Men, me gjev ikkje opp, sa Marius Kvamme Tollefsen frå interessegruppa etter vedtaket vart gjort.

Han antyda at vedtaket skulle prøvast både hjå Fylkesmannen, Barneombudet og andre. Målet er å få omgjort dette vedtaket.

– Prinsipp

Saman med Tollefsen var Bodhild Laastad, også ho frå interessegruppa, mellom dei om lag 50 tilhøyrarane i saka. Dei to presenterte si løysing for modulskule på Dale og Vaksdal i sist møte.

– Det er berre prinsipp det heile går på. Her kunne ein kome folka i møte, og kommunen hadde faktisk tent på det. Det hadde blitt billigare på Sandliane og Vaksdal. Det har me dokumentert, sa ei skuffa Laastad til VP etter møtet.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.