annonse

Morten A. Bjerke fekk Treskeiprisen

HEIDRA
HEIDRA: Morten A. Bjerke vart 17. mai heidra med Treskeiprisen på Stanghelle. (Foto: Vegar Sellevold)

Ein skikkeleg veteran innan frivillig arbeid, Morten A. Bjerke, fekk Treskeiprisen på Stanghelle.

Esben Hesjedal

Morten A. Bjerke var med å starta Stanghelle idrettslag, og var den første leiaren i SIL.

I grunngjevinga for pristildelinga, som vart gjort under 17. mai-feiringa på Brekkjen, vart det elles trekt fram at Bjerke har vore trenar for langrennsgruppa i mange år.

Han har også vore leiar i fjellgruppa og oppretta turpostane i fjella rundt bygda.

– Morten har vore ivrig på å organisera lågterskel-tilbod som akekonkurransar på idealtid, gateløp og anna. Han er ein skikkeleg blid og glad mann som stiller opp til glede for andre, heitte det i prisgrunngjevinga, ei tildeling som vart møtt med applaus og varme gratulasjonar til prisvinnaren.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.