annonse

Motorsykkelulukke ved Øye

ASSISTERER
ASSISTERER: Mannskap frå Vaksdal brannvern assisterer helsepersonell på ulukkesstaden. (Foto: Arkiv)

Ein utanlandsk motorsyklist skal vera lettare skadd etter ei ulukke på fylkesvegen i Bergsdalen.

Magne Solhaug

Forbipasserande tok seg av den skadde i starten, og fekk varsla om ulukka, som skjedde litt over klokka 12.

Naudetatane har rykt ut, og er no komen fram til motorsyklisten, som ifølgje meldinga frå politiet er medviten.

Ulukka skal ha skjedd ved Øye i Bergsdalen.

– Brannvernet assisterer helsepersonell på staden. Motorsyklisten er lettare skadd med mogeleg brot i ein arm, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord ved politiet sin operasjonssentral.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.