annonse

Motorsyklist skadd på E16

: Alle naudetatane søndag kveld ut til Stavenestunnelen. (Foto. Illustrasjonsfoto) (Foto: )

Føraren av ein motorsykkel er skadd etter ei trafikkulukke i Stavenestunnelen søndag kveld.

Politiet melder at ein motorsykkel har køyrt inn i ein bil bakfrå.

– Motorsyklisten var vaken etter ulukka, men har smerter i bein og skuldrer, opplyser politiet.

Alle naudetatane rykte ut til ulukka, som vart meldt i 20-tida. Luftambulanse har henta mc-føraren.

Stavenestunnelen, som ligg mellom Trengereid og Vaksdal vart stengt etter ulukka, og det er køar på staden.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.