annonse

Munnharpe og ei ekstra friveke

BRYR SEG
BRYR SEG: Tormod Surland Våge er engasjert i mange positive prosjekt i lokalsamfunnet sitt i Modalen. (Foto: Privat)

Tormod Surland Våge i Modalen fekk den julegåva han lenge har ønskt seg – ei munnharpe.

Magne Solhaug

Når det attpåtil datt inn ei ekstra friveke frå offshorejobben, så har julehøgtida fram til no vore av det perfekte slaget for familiefaren på Mo.

Ei god familiejul

Saman med kona Signe Marie og dei fire borna i familien er han nett komen seg gjennom jula, når VP heftar i «føremiddagsstrekken».

– Julefeiringa har vore fin. Som vanleg alt for mykje god mat, og alle fekk me gåvene me ønskte oss – trur eg. Det einaste er julesnøen som dalte ned her i natt, den kunne eg greidd meg utan, men kjekt for borna. I dag blir det nok ski og akebrett, tippar Tormod.

Gåve til heimebruk

– Munnharpe?

– Ja, sjølv om eg ikkje finst musikalsk, så har eg av ein eller anna grunn ønskt meg det lenge. I år låg den under juletreet, så no planlegg eg å læra å bruka den.

– Blir det offentleg debut på romjulsfesten på laurdag?

– Nei, ikkje då og ikkje seinare heller. Denne her er til husbruk, får me vita, frå karen som saman med kompisane sine i ølbryggjarlaget altså skipar til romjulsfest på Mo på laurdag. Dette er den same aktive gjengen som sidan 2014 har arrangert oktoberfest, quiz og anna i lokalsamfunnet.

Campingplass

Elles så har den engasjerte tilflyttaren frå Os også anna å hengja fingrane i. SeaCamp-prosjektet som skal gje Modalen ny campingplass til våren, og som han driv saman med tre andre, er ein ting. Det sosiale engasjementet for mellom andre flyktningane i Modalen, er eit anna.

Ski og syklar til flyktningborna

Før jul organiserte Tormod og kona ei lokal innsamling av ski. Det resulterte i at seks flyktningbarn fekk ski.

– Kanskje dei i dag er ute og prøver, det er no føre til det, seier Tormod, som var med og skaffa den same unge gjengen syklar i sommar.

– Born i Modalen må ha både syklar og ski, og det fekk me greitt tak i til dei nyinnflytta. Gjevargleda var stor, fortel Tormod.

Korleis blir nyårshelga då?

– Det blir rolege dagar framover no, litt turgåing kanskje. «Magen» trur eg har godt av det. Så er det romjulsdans på laurdag, og så tippar eg det blir ei roleg nyårsaftan dagen etter. Må ta seg litt inn att då, før det ber ut på jobb att like over nyttår.

– Tek du munnharpa med?

– Det har eg ikkje tenkt på, kanskje skal eg det.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.