annonse

Musikalsk tidsreise med Kordial

FARGERIKE
FARGERIKE: Kordial var fargerikt kledd i stil med perioden til dei fleste songane som var framført fredag kveld. (Foto: Kristien Næss Thorsen)
IMPONERTE
IMPONERTE: Silje Maria Langhelle imponerte stort som solist. (Foto: Kristien Næss Thorsen)
GOD STEMNING
GOD STEMNING: Kordial sytte for god stemning og høve til å nynna med på dei velkjende songane som vart framførte. (Foto: Kristien Næss Thorsen)
DIRIGERTE
DIRIGERTE: Jovanna Solunovic Mitrovic dirigerte Kordial, men song også vakkert åleine for publikum. (Foto: Kristien Næss Thorsen)

Kordial tok publikum tilbake til stordomstida til mellom anna The Beatles, Elvis og Simon and Garfunkel og Leonard Cohen, då dei feira 30-årsjubileum.

Kristine Næss Thorsen

Dalhallen var pynta med bilete av rockelegendene frå 60- og 70-talet, og koret var pynta i fargerike skjorter og kjolar med blomar under framføringa fredag kveld.

– Kordial fyller 30 år. Me ber alderen godt. Dette er den siste store satsinga vår i Dalehallen, og me håpar å syngja slik at målinga flassar av veggane, spøkte Ole Hesjedal, som introduserte nummera med både harde og morosame fakta om artistane.

Can’t buy my love

Blant godbitane publikum fekk kosa seg med og kunne nynna til var «Blackbird» av John Lennon Paul Mc Cartney, «The sound of silence» av Paul Simon, «Hallelujah» og diverse Betales-songar som «Ob-La-Di, Ob-La-Da», «Penny Lane» og «Can’t buy my love».

Imponerande solistar

Mellom klassikarane framførte det lokale bandet Twang Gang, som saman med Olav Arne Steinkopf akkompagnerte koret, fengjande låtar som «Sjela på legd» og «Anne-Mari». Silje Maria Langhelle imponerte med soloframføringa av Løvenes Konge-hiten «Can you feel the love tonight», og dirigent Jovana Solunovic Mitrivic song vakkert «Misty» av Erroll Garner og «Almost blue» av Elvis Costello.

Mykje øving

Konferansier Hesjedal la ikkje skjul på at koret hadde lege i hardtrening før konsertane, og fortalde at han hadde hatt så dilla på Paul McCartney sin «When I’m 64» at han ikkje fekk sova.

– Det enda med at eg sette på radioen klokka halv fire om natta for å få musikken ut av hovudet, og der var det ei jammen meg eit kåserie Henrik Syse om The Beatles. Men då han var ferdig sa han: «Og då avsluttar eg med «When I’m 64», sa Hesjedal med glimt i auge til latter frå salen.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.