annonse

Mykje folk på Daledagane

MUSIKK
MUSIKK: Morten Skage fekk med seg borna under konserten med Good Time Charlie. (Foto: Esben Hesjedal)

Allereie fredag var det mykje folk i Gatå under dei solrike Daledagane. Laurdag brukar det å komma meir ...

Esben Hesjedal

Fredag under Daledagane er gjerne rekna som oppkøyring til sjølve «Daledagslaurdagen». Skal ein dømma ut frå oppmøtet fredag, så vert det svært mykje folk i varmen i Gatå laurdag.

Sjarmerte

Fredag vart arrangementet offisielt opna av ordførar Eirik Haga, etter at konferansier Leiv Magnus Grøtte hadde sjarmert seg inn i publikums hjarte med ros til Dale og folket i hans nye heimbygd.

Haga oppsummerte opningstalane sine dei siste åra, og la til at det siste året var prega av fleire store lokale saker.

– Me har, og skal framover. ta stilling til viktige saker for lokalsamfunna våre. Det er positivt at folk engasjerer seg og at debatten går, men eg vil oppmoda om at debattnivået ligg på eit slikt nivå at folk kan leva godt med kvarandre vidare, sjølv om ikkje det alle kjempar for er det synet som til slutt vinn fram, sa Haga.

Varaordførar Sigmund Simmenes delte ut Vaksdal kommune sitt kulturstipend til den talentfulle symjaren Erling Flåm Krogsrud frå Vaksdal.

«Spander-shorts»

Også Sparebanken Vest hadde på seg spanderbuksene, eller shortsen, er vel rettare å seia. Ei rekkje lokale lag og organisasjonar fekk sjekkar frå scena av Eirik Erdal i banken.

Karneval

Elles var det karneval for dei yngste, der Torsdagsklubben hadde med seg born og vaksne i opptoget rundt i sentrum. Då karnevalstoget stoppa ved utescena, drog bandet Good Time Charlie i gang ein skikkeleg barnekonsert, der også vaksne hadde mykje å mora seg over. I sola fekk bandet, der lokale Morten Skage spelar bass, verkeleg med publikum på ulike musikalske påfunn.

Musikk

Dale Mannskor hadde Syng med oss i Turbinen, Dale Musikkforening og venner sette eit flott musikalsk punktum i ein fullsett Dalehall med si Blues Brothers-framsyning og seinare fredag underheldt Good Time Charlie dei vaksne i teltet ut i dei små timar.

Laurdag er vert det mellom anna Beatles-musikk med Helge Nyheim og bandkollegaer frå utescena, og på Geitabakken er det lokaloppgjer mellom Dale og Voss.

eh@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.