annonse

Mykje vatn skaper utfordringar

BASSENG
BASSENG: Vegen under E16 var fylt med vatn. (Foto: )

Fleire stader har mykje nedbør gjort at vegfarande har fått utfordringar.

På Stanghelle var vegen frå sentrum og opp til Træshaugen/Brekkjen stengt ein periode laurdag.

– På grunn av store nedbørsmengder er undergangen under E16 til Træshaugen stengt. Vegen til Brekkjen er også stengt på grunn av at massar som flaumvatnet har tatt med seg har komme ned i den kommunale vegen, melde Vaksdal kommune laurdag føremiddag.

Basseng

Ved undergangen under E16 var det eit stort basseng, og to bilar som køyrde uti dette fekk problem og måtte ha bergingsbil.

I 13-tida melde kommunen at ein arbeidde med å rydda opp i utfordringane på Stanghelle.

– Ein underentreprenøren til Statens vegvesen er i gang med oppryddingsarbeidet i inntaket frå bekkeløp frå Oppåhelleren. Vaksdal kommune bistår Statens vegvesen med kumrensk og spyling i kummer ved undergang til E16. Vegen til/frå Træshaugen vert opna så snart vasstanden i kulvert har gått ned, opplyste kommunen.

I 15-tida skal vegen til Træshaugen og Brekkjen ha vore opna for trafikk igjen.

Elv tok gangveg

Fleire stader er det meldt om stor vassføring.

Gangvegen der Moko kjem ned i Daleelva, har fått skader etter svært stor vassføring.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.