annonse

Namna frigjevne

BLOMAR
BLOMAR: Venner og familie har sett ut blomar, lys og helsingar like ved ulukkesstaden på Dalegarden. (Foto: Esben Hesjedal)

Politiet gjekk fredag føremiddag ut med namna på dei to som omkom i ulukka på E16 ved Dalegarden natt til torsdag.

Esben Hesjedal

Det var 19 år gamle Knut Skjervheim Vedaa frå Stamnes og 22 år gamle Nickolay Rørgård Faugstad frå Stanghelle som mista livet i ulukka.

Namna til dei omkomne er frigjevne i samråd med familiane til dei omkomne.

Dei to køyrde ein motorsykkel, og det skal ikkje ha vore andre køyretøy innblanda i ulukka som skjedde på E16 mellom Shell Dale og Arnprobygget.

Politiet på Voss, som granskar den tragiske hendinga, kan førebels ikkje seia noko om årsaka.

– Me ventar no på dei tekniske undersøkingane av køyretøyet og andre undersøkingar som vart gjort på ulukkesstaden. Det er for tidleg å trekkja konklusjonar om årsak, men me jobbar for å kunna seia med rimeleg grad av tryggleik kva som gjorde at ulukka inntraff, seier lensmann Robert Veseth.

Vaksdal kommune sitt psykososiale kriseteam har sidan ulukka vore i beredskap og tilbyr støtte til dei som treng det. Torsdag ettermiddag var det ei samling for venner og andre som stod dei omkomne nære i Røde Kors-huset på Dale. Det kommunale kriseteamet var både til stades der, og då deilokale brannmannskapa som rykte ut til ulukka hadde ei debrifing same ettermiddag/kveld.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.