annonse

Nærmar seg fjorårsform

FRAMGANG
FRAMGANG: Andres Vågen, her i aksjon under eit hinderløp i fjor, nærmar seg sine personlege bestenoteringar frå 2016-sesongen. (Arkiv (Foto: Tom Roger Johansen, Kondis)

FRIIDRETT: Etter ein litt tung sesongstart er Andreas Vågen (17) i ferd med å finna forma. I Göteborg førre helg vart det årsbeste både på 800 meter og 1500 meter for stanghelleguten.

Magne Solhaug

Andreas, som representerer IL Fri på Espeland, har ikkje vore nær sine personlege rekordar på desse to mellomdistansane i år, før i stemne dei to siste helgane.

Har slite sidan junior-NM

– Faktisk har eg slite skikkeleg med å få opp farten heilt sidan junior-NM på Brandbu i fjor i august. Då gjekk eg på ein skikkeleg smell på 5.000 meter. Kva grunnen er veit eg ikkje, men sidan det løpet har eg ikkje vore i nærleiken av det eg tidlegare har vore god for, seier Andreas.

Lillehammer og Göteborg

Men førre helg, under eit nasjonalt stemne på Lillehammer, losna det. Då noterte han seg for 2,06 på 800 meter og 4.17 på 1.500 meter. Under VU-spelen i Göteborg sist helg kom ei ny stadfesting på at forma er stigande. 2.04,14 på 800 meter og 4.16,24 er årsbeste, og like bak Andreas sine personlege rekordar på distansane.

– Så no håpar eg det losnar skikkeleg. No skal eg trena godt for Ungdomsmeiserskapen (UM) i Bergen tidleg i september, og så satsar eg på nye bestenoteringar i det stemnet som er eit hovudmål i siste halvdel av sesongen, seier Andreas til VP.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.