annonse

NRK sender direkte frå Dale måndag kveld

NRK
NRK: Måndag kveld vert NRK-programmet Norge NÅ sendt frå Dalegarden Outlet & Cafe. (Foto: Illustrasjon)

Norge Nå-sendinga på NRK1 skal i kveld, måndag, sendast frå Dalegarden Outlet & Cafe.

Esben Hesjedal

Temaet for kveldens direktesending er E16 og kampen for ny og betre veg. Det fortel Oddgeir Øystese i NRK.

– E16 frå Trengereid til Voss er kåra til å vera Noregs farlegaste veg. I kveldens Norge NÅ-sending tek me for oss kampen for ein betre veg, som mange har kjempa opp til ti år. Det vert også stilt spørsmål ved kvifor vegen er så farleg, seier Øystese.

Haga og Simmenes

Programmet vert ei blanding av direktesending frå Dalegarden og innslag laga langs vegen. Mellom anna skal ein sjå på fjella og geologien langs vegen. På Dalegarden vil ein ha med seg fleire gjestar som skal prata om E16.

– Me har mellom anna med oss avtroppande ordførar Eirik Haga, geolog Trine Helle Simmenes og fungerande vegsjef i region vest, Tone Oppedal.

Også Laila Himle, som har kjempa for ny veg gjennom Facebook-aksjonen «Ny E16 Bergen-Voss umiddelbart» skal vera med, og det vert innslag ulike stader på E16.

Fokus på E16

Kjell Ove Dalseid ve Dalegarden Outlet & Cafe har sjølvsagt ingenting imot å vera vertskap for NRK-programmet.

– Det vert berre kjekt å ha NRK på besøk. Dessutan er det fint at det er fokus på E16. NRK-folka skal vera hjå oss frå klokka 13 og utover dagen, fortel Dalseid.

Norge Nå vert sendt på NRK1 frå klokka 20.15 til 20.55, og kan seinare sjåast på NRK si nettside.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.