annonse

NRK-serie med episode frå Daleelva

NRK
NRK: Tysdag kveld kan ein sjå TV-bilete frå Daleelva på NRK1. (Foto: NRK)

«Den fantastiske villaksen» tek for seg trugslane til villaksen i Norge. I andre episode, som blir sendt tysdag kveld, vitjar programleiar Kenneth Bruvik stamfiskanlegget til Dale Jakt- og Fiskarlag.

Kristine Næss Thorsen

I denne episoden prøver Bruvik å finna ut kva som er så gale med rømt oppdrettslaks, og kvifor forskarane meiner at dette er den største trugselen mot villaksen.

I Daleelva er nemleg genetisk innblanding eit stort problem for den ville laksestammen, skriv Pandora Film i ei pressemelding.

Sortert vekk

Når Bruvik vitjar stamfiskanlegget saman med formann Inge Sandven, hentar dei ut villaks med hov frå ein 250 meter lange fjelltunnelen der Dale Jakt og Fiskarlag driv kultivering. All synleg oppdrettslaks er allereie sortert vekk, og berre ein DNA-test kan avsløra om den laksen som er att har oppdrettsgen eller ikkje.

– Viss ein laks har oppdrettsgen har den ikkje noko i vassdraget å gjera. Den skal avlivast, seier Sandven til Bruvik i programmet.

Ein etter ein les dei gentest-resultata til kvar enkelt fisk, og for Bruvik blir det eit tøft møte med realitetane i mange norske lakseelver.

– Eg blir skikkeleg lei meg, seier han.

Mindre villaks

Noreg har mest atlantisk villaks i verda, men likevel har me berre halvparten av det me hadde for tretti år sidan. I fire episodar reiser programleiar Kenneth Bruvik til elvar i heile landet for å finna svar på kva som har skjedd.

Her møter han forskarar, grunneigarar og frivillige som alle forsøkjer å ta vare på villaksen. Trugslane for villaksen er mange, rømt oppdrettslaks, lakselus, kraftutbygging, sur nedbør, parasittar og sjukdommar, forutan naturlege fiendar.

– Er trugslane blitt for mange, spør Kenneth Bruvik i serien som vert sendt på NRK1 tysdag klokka 19.45.

Serien kan ein også sjå på NRK si nettside her.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.