annonse

Ny rådmann på plass

VELKOMEN
VELKOMEN: Ordførar Tom Kristian Thorsen var mellom dei som ønskte nyerådmannen Jo Tømmerbakke (t.v.) velkomen til Modalen på den første arbeidsdagen. (Foto: Magne Solhaug)

I dag, måndag, er første arbeidsdag for Modalen sin nye rådmann Jo Tømmerbakke.

Magne Solhaug

– Eg gler meg, seier den nytilsette som kjem frå stillinga som kommunalsjef for oppvekst og omsorg i Radøy kommune.

Manger-Mo-Manger

I Radøy bur han minuttar unna sin tidlegare arbeidsplass. No skal han dagpendla i over ein time kvar veg mellom Manger og Mo.

– Det kjem til å gå så fint så, eg er veldig klar for dette, seier den nytilsette.

Liten og framtidsretta

Sidan Tømmerbakke vart tilsett i sommar har han vore fleire turar til Modalen for å gjera seg kjent i organisasjonen og møta framtidige medarbeidarar.

– Dei aller fleste i leiargruppa har eg møtt, seier Tømmerbakke, viss på at ein liten kommune som Modalen også har framtida for seg. Samarbeid er Modalen avhengig av, og han er overtydd om at eit godt klima for slikt finn ein i kommunane rundt ein, sjølv om nokre av dei i framtida vert svært mykje større enn vesle Modalen. I Nordhordland skal store Meland, Lindås og Radøy slå seg saman til nye Alver kommune.

– Modalen har tradisjonsrike sterke og gode band til både Vaksdal og kommunar i Nordhordland, noko eg er trygg på vil vara ved, seier Tømmerbakke,

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.