annonse

Nye tog, men låg vekst i kommunane sine inntekter

NYE TOG
NYE TOG: I 2018 skal det komma nye Flirt-tog til Dale stasjon. (Foto: Arkiv)

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett går ein inn for å løyva planleggingsmidlar til K5 og nye togsett på Vossebana i 2018. Men Vaksdal og Modalen får ein lågare vekst i frie inntekter enn gjennomsnittet. Ordførar Eirik Haga er fornøgd med jernbanesatsinga.

Regjeringa går inn for å løyva midlar til vidare planlegging av K5 mellom Arna og Stanghelle.

– Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av Vossebanen og E16 på strekninga Stanghelle–Arna. Beløpet dekkjer planleggingsutgiftene for både veg og bane i 2018. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bane NOR og Statens vegvesen om å byggja sikrare og raskare veg og jernbane mellom Bergen og Voss, heiter det i framlegget til statsbudsjett som finansminister Siv Jensen la fram torsdag.

Fornøgd

Ordførar Haga meiner det er positivt at det no kjem på pass planleggingsmidlar for 2018.

– Det skulle sjølvsagt berre mangla, hadde ikkje dette lege inne i statsbudsjettet, så ville K5-planlegginga stoppa opp, seier Haga.

Han hadde håpa at det også hadde vore midlar til oppstart av planarbeid mellom Stanghelle og Voss i budsjettet. Det ser det ikkje ut til at det er.

– Det har vist seg utfordrande å gå direkte på reguleringsplan, slik ein har gjort på strekkja Arna-Stanghelle. Det ville vore svært bra om ein kom i gang med planlegging av Stanghelle-Voss tidleg, slik at ein hadde kunna køyrt ein vanleg prosess med kommunedelplan før reguleringsplan. Det er eit signal me har gjeve uttrykk for lenge, og det vil me halda fram med, seier Haga.

Nye Flirt-tog

I regjeringa sitt budsjettframlegg ligg det inne nye tog på Vossebana.

– I 2018 skal i alt 14 nye togsett av typen Flirt setjast i trafikk på Gjøvikbanen og Vossebana. Dei nye togsetta på Vossebana er mellom anna planlagt brukt til utskifting av gammalt togmateriell, og til materiellreservar i samband med at togsett må takast ut av drift for å få installert ERTMS-ombordutstyr. Saman med innfasingen av det nye togmateriellet skal det gjennomførast nødvendige tilpassingar i infrastrukturen, heiter det.

Haga ser fram til at det vert nye tog på Vossebana.

– Sist det kom fabrikknye tog i bruk på Vossebana var det OL i Noreg. Ikkje på Lillehammer, men i Oslo i 1952, så ein kan trygt seia at det er på tide, smiler Haga.

Auka kapasitet

Auka hensettingskapasitet for nye tog på Vossebana, i Bergen, Vaksdal og Voss kommunar, ligg også inne i forslaget til 2018-budsjettet.

– Regjeringa vil setja av i alt 154 millionar kroner til auka kapasitet for hensetting (kapasitet til parkering av tog) av nye tog på Vossebana, Gjøvikbanen og i Drammens-området. På Vossebana skal tiltaket leggja til rette for dei nye Flirt-toga i lokaltrafikken.

Lågare vekst for Vaksdal og Modalen

Når det gjeld frie inntekter til kommunane, ser både Vaksdal og Modalen ut til å komma dårlegare ut enn både landsgjennomsnittet og gjennomsnittet av kommunar i Hordaland.

Vaksdal kommune får i regjeringa sitt framlegg ein auke i frie inntekter på 5,103 millionar kroner. Dette utgjer 2,0 %.

Modalen får ein auke 1,074 millionar kroner, noko som svarar til 2,4 %.

På landsbasis er det frå 2017 til 2018 ein nominell vekst i kommunane sine frie inntekter på 2,6 prosent. Kommunane i Hordaland vil samla sett få ein vekst i inntektene på 2,7 prosent. Både Vaksdal og Modalen ligg altså an til å få lågare vekst.

Ordførar Eirik Haga seier det er for tidleg å kommentera korleis statsbudsjettet vil slå ut for kommuneøkonomien.

– Fagfolka må grava seg ned i detaljane meir før ein kan seia noko sikkert om dette, seier Haga.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.