annonse

– Nynorsk handlar om identitet

Elevane synest det var kjekt med ein norsktime litt utanom det vanlege. Frå venstre
TOMMEL OPP: Emilie Instøy, Åsmund Vetle Bru Nøkling, Hilde Vik Dale og Njål Hægland. (Foto: Stine Strand Carlsen)
ENGASJERT
ENGASJERT: Nestleiar i Norsk Målungdom, Elise Tørring, hadde alle si merksemd under forelesninga i klasse 10A ved Dale barne- og ungdomsskule måndag. (Foto. Stine Strand carlsen) (Foto: )

Norsk Målungdom tok over norskundervisninga ved Dale barne- og ungdomsskule då Nynorskstafetten 2017 vitja Vaksdal kommune denne veka

Stine Strand Carlsen

– Kor mange her har nynorsk som hovudmål? spør Elise Tørring, nestleiar i Norsk Målungdom.

Om lag halvparten av elevane i klasse 10A rekkjer opp handa.

– Det er ikkje så verst. På landsbasis er det berre 10 til 12 % av alle nordmenn som har nynorsk som hovudmål, sjølv om langt fleire har ei dialekt som ligg nærare nynorsk enn det, seier Tørring.

Bevisstgjering

Besøket er ein del av Nynorskstafetten 2017, som er ein tre veker lang rundtur i landet der Noregs Mållag og Norsk Målungdom set fokus på nynorsk og skipar til nynorskrelaterte aktivitetar. Måndag stoppa stafettbilen i Vaksdal kommune, og her fekk både skular, barnehagar og kommune besøk av nynorskforkjemparane.

Under norsktimen på Dale var språkhistorie, dialektar og haldningar til språk nokre av temaa, og elevane tok del i diskusjonane med stor interesse.

– Kva ville de sagt om eg kom her og sa at dialekta dykkar var stygg? Eg ville ikkje blitt særleg populær då. Tenk då på alle dei som møter motstand fordi dei nyttar nynorsk. Språk handlar i stor grad om identitet, og for mange er det nettopp difor ein vel å skriva nynorsk, seier Tørring.

– Naturleg val

Den sprudlande nynorskforkjemparen fekk gode tilbakemeldingar frå elevane etter forelesninga.

– Eg synest det var veldig interessant å høyra på. Ho var flink til å få med elevane, og interessert i å høyra på kva me hadde å seia, seier Åsmund Vetle Bru Nøkling.

Både han og klasseveninna Hilde Vik Dale nyttar nynorsk som hovudmål.

– For oss er det berre heilt naturleg å nytta nynorsk. Det er det som er mest likt dialekta vår. Og som Tørring seier, så handlar det i stor grad om identitet. Det blir liksom heilt feil for oss å skriva «jeg» og «ikke», seier dei.

Trur på renessanse

– Kva tenkjer de om at færre og færre nyttar nynorsk som hovudmål?

– Det er jo veldig synd at det skal vera slik. Men eg trur faktisk at dette kjem til å snu. Eg trur nynorsk er på veg tilbake, seier Hilde Vik Dale.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.