annonse

Nytilsette rektorar på Stanghelle og Stamnes

STAMNES-REKTOREN
STAMNES-REKTOREN: Hanne Dyvik har sjølv vore elev og lærar ved Stamnes skule. No tek ho over som rektor. (Foto: )
STANGHELLE-REKTOREN
STANGHELLE-REKTOREN: Årsvikariatet som rektor ved Stanghelle skule gav meirsmak, og Robert Flatås frå Arna går no inn i stillinga på fast basis. (Foto: )

Stine Strand Carlsen

Hanne Dyvik er ny rektor på Stamnes skule, og Robert Flatås er tilsett som rektor i fast stilling på Stanghelle skule.

På Stanghelle held Robert Flatås (37) fram som rektor, etter å ha hatt eit årsvikariat i stillinga. Flatås bur i Arna og er ein røynd lærar med erfaring frå fleire ulike skular, mellom anna på Haus, Bruvik og i Sogn og Fjordane. Han jobba også som høgskulelektor ved NLA i Bergen før han fekk årsvikariatet som fungerande rektor på Stanghelle skule.

– Eit spennande år

Flatås har berre positive inntrykk av skulen etter si tid der.

– Det har vore eit spennande år så langt. Stanghelle skule er ein liten skule med eit veldig godt miljø. Her er dyktige tilsette og veldig engasjerte foreldre i FAU, seier han.

Samstundes er det mange utfordringar framover.

– Skulen er stadig i endring. Her er kome til mange nye tilsette og me innrettar oss etter nye måtar å undervisa på. I 2020 kjem det også ny læreplan med særleg fokus på IKT. Det vert også spennande å sjå om elevane ved barneskulen på Dale vert flytta hit hausten 2018 i påvente av at det vert bygd ny skule på Dale over ein toårsperiode. Elevtalet kjem då til å verta meir enn dobla her, og det vert ein stor kabal å få opp med tilrettelegging og organisering.

Tek over roret på Stamnes

På Stamnes er det ei lokal dame som overtek rektorstillinga, nemleg Hanne Dyvik (38).

Dyvik har lærarutdanninga si frå Sogndal og Bergen, og har arbeidd ved fleire ulike skular som til dømes på Vaksdal, i Ålesund og i Bergen. Forutan eitt år som leiar av Vaksdal Frivilligsentral, har ho jobba ni år på Stamnes skule. Her har ho også vore fungerande rektor, og veit såleis litt om kva ho går til.

– Eg har jo ei viss peiling, men uansett så blir det nytt og spennande. Eg får ein del andre ansvarsområde som til dømes personalleiing og administrative oppgåver, men eg ser fram til nye utfordringar, seier Dyvik.

Dyvik tek over stillinga etter Liv Eli Seime Stamnes, som vert pensjonist. Seime Stamnes har jobba ved skulen i over 30 år.

– Det blir rart å mista Liv som har vore ein del av skulen så lenge. Me får ta med oss det beste av henne vidare i skuleutviklingsarbeidet, seier Dyvik.

– Ein engasjert skule

Stamnes skule har totalt 38 elevar og 11 tilsette i ulik stillingsprosent. Dyvik karakteriserer skulen som ein fin arbeidsplass.

– Me har ein veldig engasjert skule, med flinke foreldregrupper som alltid stiller opp om det skulle vera noko. Skulen er også miljøsertifisert, og me skal satsa vidare på dette.

Om planane om å skapa eit oppveksttun med barnehage og klassar frå 1.–7. klasse på skulen vert realiserte, vert det mange nye utfordringar å ta tak i.

– Me kan ikkje spå om framtida. Uansett kva som skjer, så skal me gjera det beste me kan for at Stamnes skule skal vera ein god skule også i framtida, avsluttar Dyvik.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.