annonse

Nyttårskonsert for 29. gong

NY NYTTÅRSKONSERT
NY NYTTÅRSKONSERT: Vaksdal Musikklag med dirigent Thomas Nøkling. (Foto: Arkiv)

I morgon laurdag er det nok ein gong klart for nyttårskonsert på Vaksdal i regi av Vaksdal Musikklag.

Korpset har i mange år innleia eit nytt musikkår med denne konserten i samfunnssalen. Laurdag skjer dette for 29. gong, så neste år kan ein jubilera skikkeleg.

95 år i år

Men, jubileum vert det faktisk no også. I 2018 er det nemleg 95 år sidan Vaksdal Musikklag vart skipa.

– Det vert såleis ein jubileumskonsert denne gongen med framføring av både klassiske stykke og populærmusikk. Publikum får musikk som mellom andre Sigrid Moldestad, Supertramp, Michael Jackson og Blues Brothers har gjort kjent. Gjestene våre, bandet K5 og Emilie Sellevold, er flinke lokale ungdomar som har gått gradene i kulturskulen, fortel lagsleiar Jørn Helle.

– Velkommen

Publikum pleier å møta trufast opp på denne konserten, det håpar sjølvsagt musikklaget skjer også denne gongen.

– Me ønskjer publikum velkomen til ei triveleg stund i ein pynta samfunnssal, der Boge Lyd tek seg av lyd og lyssetjing. Med på kjøpet, altså inngangsbilletten, får ein kaffi og heimelaga kaker, seier Helle.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.