annonse

Omkom i trafikkulukke i tunnel

UTRYKKING
UTRYKKING: Lokale brannmannskap rykte ut til ulukka. (Foto: Illustrasjon)

Fredag vart det meldt om ei alvorleg trafikkulukke i Trengereidtunnelen på E16.

Politiet opplyser at ein personbil og ein lastebil har kollidert.

Omkom

– Føraren av personbilen er hardt skadd, og det vert jobba med førstehjelp på staden, opplyste operasjonsleiar Morten Rebnord like etter ulukka.

Klokka 11.51 melde politiet at bilføraren har mista livet.

Ulukka skjedde litt før klokka 11.30.

Føraren av lastebilen er fysisk uskadd.

Stengt i lengre tid

Klokka 12.20 melder politiet at den omkomne føraren av personbilen førebels ikkje identifisert.

– Politiet avhøyrer vitne på staden, krimteknikarar og Statens Havarikommisjon er varsla og er på veg mot ulukkesstaden. Tunnelen kjem til å bli stengt i lengre tid, uvisst kor lenge, melder politiet på Twitter.

Trafikkulukka har skjedd ca. 400 meter inne i tunnelen.

– Lastebilen køyrde retning Voss, personbilen køyrde retning Bergen. På bakgrunn av vitneobservasjonar og undersøkingar på staden er det grunn til å tru at personbilen har komme over i motgåande køyrefelt og treft lastebilen, opplyser politiet.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.