annonse

Opna ny frisørsalong på Vaksdal

NY SALONG
NY SALONG: - Raud løpar måtte til på opningsdagen, smiler Lill Søndergaard. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Måndag opna Lill Søndergaard ein heilt ny frisørsalong i Vaksdal Senter. – Dette treng me i bygda, seier kundane.

Stine Strand Carlsen

I over sju år har vaksdalsbygda stått utan frisørsalong. Birger Boge var ein av dei første som sto i kø for å bestilla time hjå Fusion Hair på opningsdagen.

– Det har vore eit stort sakn å ikkje ha frisørsalong i bygda. Eg har brukt å klipt meg hjå Vatle på Dale. No som han ikkje driv lenger, har eg måtta heilt til Arna for å klippa meg. Så dette er veldig etterlengta. Ho kan skriva meg opp som fast kunde med ein gong, seier Birger Boge.

– Eit stort steg

I stolane sit Elisabeth Faugstad Gullbrå og Rune Sæterdal, som begge er klare til å få ei oppfrisking av sveisen.

– Eg har prøvd å få Lill hit i fire år, og jammen klarte eg det ikkje til slutt, seier Rune Sæterdal, som er leiar for Vaksdal Senter Utvikling.

Søndergaard har over 20 års erfaring innan frisøryrket, og har vore leiar for tre ulike salongar i Nikita-kjeda dei siste 13 åra. Å stå på eigne bein er skummelt, men også spennande.

– Det er jo eit stort steg å ta. Men no har eg opparbeidd meg såpass lang leiarerfaring at eg veit kva eg går til. Samstundes trur eg verkeleg at marknaden er her på Vaksdal. Allereie før opninga var eg fullbooka til langt ut i neste veke, så dette lovar jo bra, smiler vaksdalsdama.

Gode hjelparar

Ho vil gjerne takka støtteapparatet rundt seg for å ha fullført satsinga.

– Eg har fått god hjelp frå Vaksdal Næringsselskap og Rune Sæterdal i Vaksdal Senter Utvikling. Den aller største takken går til den flotte familien min som har stilt opp og jobba seine kveldar for å få salongen klar, seier Søndergaard.

Under opninga var det rulla ut raud løpar inn til den nyoppussa og stilfulle salongen, som ligg vegg i vegg med Milano Pizzeria.

– Det er klart eg måtte ha såpass! Det er jo stor stas dette, ler Søndergaard.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.