annonse

Opnar frisørsalong i Vaksdal senter

SNART KLART
SNART KLART: Lill Søndergaard skal 1. september opna dørene for Fusion Hair, vegg i vegg med Milano PIzzeria, i Vaksdal Senter. (Foto: )

Esben Hesjedal

Lill Søndergaard (39) er i full sving med gjera eit lokale i Vaksdal Senter om til frisør­salong.

Vaksdalsdama skal etter planen opna salongen, som får namnet Fusion Hair, 1. september.

– Namnet spelar på at salongen vert ei samansmelting av gammalt og nytt, fortel Søndergaard.

Oppussing

Ho og sambuaren Torben Lindholm er i full sving med oppussing, og å gjera lokala like innom Milano Pizzeria om til frisørsalong. Tidlegare har det vore butikk med glas og steintøy i desse lokala.

– Det er ein ganske omfattande jobb som må gjerast, men det vert bra når det er ferdig, seier Lill, som ikkje ønskte å overta lokala inst på Sentertorget, der det tidlegare har vore frisør­salong.

– Nei, eg ønskjer å vera synleg for folk som kjem inn på senteret. I tillegg til frisør, så vert det også utsal av hårprodukt og liknande, og då må ein vera synleg for dei som går forbi. Lokalet me snart startar opp i, er også ein del større enn det andre lokalet. Dersom eg på eit seinare tidspunkt finn det mogleg å utvida med fleire tilsette, så er det greitt å ha plass til det, seier Søndergaard.

Lang erfaring

Ho har solid erfaring frå frisørbransjen. Dei siste 13 åra har ho vore dagleg leiar i tre ulike salongar innan Nikita-kjeda, i Førde, Åsane og Bergen.

– Eg har vore frisør i 20 år, og synest no det er kjekt å kunna etablera meg i heimbygda. Det er ein del år sidan det har vore frisør på Vaksdal, og eg veit det er mange som reiser til Arna og andre stader for frisørbesøk. Eg har også folk frå Vaksdal som kjem til meg i Bergen. No slepp ein reisa, eg trur det er marknad for ein frisør på Vaksdal, og håpar sjølvsagt at folk støttar opp om etableringa, seier Lill Søndergaard.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.