annonse

Opnar om tre veker

OPNAR SNART
OPNAR SNART: Sola skin på Mildrid Hansen Dalseid og Kjell Ove Dalseid som opnar Dale Outlet & Café til Daledagane. (Foto: )

Magne Solhaug

Daledagshelga i byrjinga av juni opnar Dale outlet & café (DOC) det 750 m² store nybygget sitt på Dalegarden.

– Alt er i rute, og me gler oss til å komma i gang, fortel Mildrid Hansen Dalseid og Kjell Ove Dalseid, ekteparet frå Dale som står bak nyetableringa.

Lokale handverkarar

Utvendig er det meste ferdig, men innomhus står det ein del att. Måndag var lokale handverkarar som tømrar, elektrikar og varmepumpemontør i arbeid på nybygget.

– Dette ser bra ut. Eg trur det kjem til å bli ein flott tilvekst for dei handlande, seier Knut Stamneshagen, varmepumpemontør frå Thunestvedt, som tidlegare i mange år dreiv Esso-stasjonen på Dale.

Mange nysgjerrige

– Dette her vert nok eit bygg som kjem til å lokka mange stamvegtrafikantar innom, smiler Stamneshagen.

Og nettopp desse er den viktigaste målgruppa for eigarane av DOC.

– Me merkar interesse allereie. Mange nysgjerrige har vore nedom for å sjekka kva dette er for noko. Nesten dagleg skjer dette, seier Kjell Ove Dalseid.

Kafé med uteservering

Ei stor open salsflate ventar dei besøkjande på Dale sitt nye handletilbod. I enden mot Arnprobygget kjem kafeen. Her vert det også plass for uteservering.

Hovudinngangen vert midt på bygget, på langsida mot stamvegen. På denne sida er det også stor parkeringsplass.

Det er Mildrid Hansen Dalseid som vert dagleg leiar hjå DOC. Saman med ho vert det i starten to andre salsmedarbeidarar.

Norsk merkevare

I tillegg til å driva kafeen skal dei også ha ansvaret for outlet-delen, som vil bruka det aller meste av nybygget. På ei stor open salsflate vil kundane finna garn, tekstil, interiør og anna merkevare til fabrikkutsalsprisar. Kjente norske merkevare som Dale Garn, Høie, Safa, Skogstad og andre vil verta å finna i salshyller og på torg.

– Alt er i rute, og me gler oss til å komma i gang.

– Outlet`n vert sjølvbetent. Det vert eit felles betalingspunkt både for kafé- og outletdelen, fortel Mildrid, som er godt fornøgd med opplegget ein har fått til. Kafeen med stor salsdisk midt i lokalet, med bord med sitjeplass, salatbar og andre sjølvplukkpunkt rundt, har ein i alle fall ikkje sett før lokalt.

– Eg trur det blir fint, eg er heilt sikker på at det blir fint, presiserer ho.

Største på mange år

– Og så må det nødvendigvis gå seg litt til dette. No opnar me Daledagshelga, og framover sommaren skal me halda ope kvar dag. Så tilpassar me opningstider, vareutval og anna etter behov, seier Kjell Ove Dalseid tre veker før han saman med fru Mildrid opnar den største nyetableringa når det gjeld butikkonsept i Vaksdal kommune på mange år.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()