annonse

Ordførarkritikk til VP, bom meiner redaktørforeininga

UEINIGE
UEINIGE: Ordførar Eirik Haga (t.h.) var krass i kritikken av at VP har sett på trykk kritiske lesarinnlegg. Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen (innfelt), er ueinig. (Foto: Magne Solhaug/Heiko Junge, NTB Scanpix)

– Jævl.. skuffande! Ordførar Eirik Haga (Ap) brukte sterke uttrykk då han under formannskapet sitt budsjettseminar i Bergen kritiserte VaksdalPosten for å setja kritiske lesarinnlegg på trykk. Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, meiner Haga bommar med kritikken.

Magne Solhaug

Frustrasjonen til Haga mot lokalavisa kom for ein dag då assisterande rådmann Åse Elin Myking gjekk gjennom status for dei planlagde store utbetringa som skal gjerast i heradshuset. Dette er utbetringar som det i mai og juni kom sterke motførestellingar mot på lesarsida til VP. Haga meinte at delar av det som stod der, aldri burde vore trykt.

– VP i si villfaring

– VP har late folk tru, og sidan leva i den villfaringa, at dette er lukrative ting som politikarane har spandert på seg. Dette er skuffande, ja jævl.. skuffande er det, sa Haga då han snudde seg og sende stygge blikk i retning VP sin utsende i Bull-salen på hotell Terminus.

Fleire støtta Haga

Utblåsinga til Haga fekk politisk støtte både hjå Kjartan Haugsnes (SV) og Bjørn Roald (H).

– Dette var godt sagt, dei treng ein vekkjar av og til desse gutane som sit der bak, sa Roald.

Skitlukta som forsvann

Også hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Marit Midtun støtta utspelet.

– Det er for gale synest eg når folk kritiserer at tilsette i heradshuset endeleg skal få ventilasjonsanlegg. Eg jobbar på Vaksdal skule, og veit kva det vil seia å arbeida i eit klima med dårleg inneluft. Men hurra, no slepp me lenger skitlukta på do i alle fall, for no har me fått vifte der, sa Midtun.

Forsvarte kraftsalven

Etter møtet snakka VP med Haga om uttalen hans, og viste mellom anna til ytringsfridomen.

– Dette har ikkje noko med den å gjera. Her kom det grove angrep på våre tilsette, det vart sagt ord som aldri skulle komme på trykk, sa Haga.

– Det er då ei stund sidan dette skjedde, kvifor har du ikkje komme på bana med desse synspunkta før?

– Eg har tenkt på det, men så har eg late det vera. Men no kom det til meg att ved gjennomgangen av dette prosjektet.

– Du brukte uvanleg kraftige ord, og det var ingen ordførar som kunne «klubba» deg?

– Eg meinte det eg sa. Det var lågmål av VP og setja dette på trykk, svara ordføraren.

Frå 14,6 til 10 millionar kroner

Saka dette gjeld er altså ei større ombygging av heradshuset på Dale, ei ombygging som først var kostnadsrekna til 14,6 millionar kroner, men som no er teke ned til 10 millionar. Oppstarten vert i 2019, då det skal brukast 2,7 millionar kroner. Resten er sett av i økonomiplanperioden 2020 og i 2021.

– Ligg godt innanfor

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, har lest lesarinnlegga i VP som ordførar Haga siktar til.

– Dette er openbart ytringar som ligg godt innanfor det som må kunna publiserast utan samtidig imøtegåing, iallfall så lenge kritikken er så generell og ikkje angrip enkeltpersonar. Ordførarar og politikarar som ikkje toler dette, bør strengt tatt vurdera si eiga rolle. Meiner dei at VP skal unnlata å trykkja lesarinnlegg som ein ikkje er helt einige i? Dette verkar mildt sagt underleg, seier Jensen.

– Ta ikkje bodbringaren

Leiaren for redaktørforeininga meiner ordføraren og andre som var ueinige i lesarinnlegga i VP i sommar, burde ha skrive motinnlegg.

– Ytringsfridomen fungerer slik at dersom ein meiner nokon som ytrar seg sterkt i det offentlege rom tek feil, så svarer ein på det med argument og motinnlegg. Ein prøver ikkje å knebla bodbringaren, som i dette tilfellet er lokalavisa. Slikt driv ein med i land som eg ikkje trur ordføraren vil ønskja å bu i, seier Arne Jensen.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.