annonse

Planlegg nybygg på Dale

RIVING
RIVING: : KLV-bygg på Dale (nærast) skal rivast. (Foto: )
SKAL RIVAST
SKAL RIVAST: Dette BKK-bygget, som inneheld kantine, kontor, lager og verkstad, skal rivast. Dette først og fremst grunna rasfaren frå fjellet bak. (Foto: )

BKK skal riva det gamle administrasjonsbygget sitt på Dale inne ved fjellet. Planen er å reisa eit nytt bygg inne på tomta.

Magne Solhaug

– Kor nøyaktig dette bygget skal stå og korleis det vert sjåandes ut, er ikkje bestemt. Men det vert inne på området vårt på Dale, vekke frå det rasfarlege fjellet. me vil ta ei avgjerd om dette like over sommarferien, seier kommunikasjonsrådgjevar i selskapet, Jarle Hodne til VP.

Kontorfolka til VOE-bygget

Nybygget skal innehalda verkstad og lager, medan administrasjonen skal samlast i bygget som er kalla KLV2, som er det tidlegare VOE-bygget nærast Daleelva.

Kantina til Kurssenteret

Det gamle bygget som skal rivast, inneheld også bedriftskantine.

–Her er det slik at kantinebestyraren skal gå av med pensjon i nær framtid. Sidan BKK alt har eit kjøkken på Kurssenteret på Dale, så vil ein ta i bruk Kurssenteret også til kantine, som blir betjent av tilsette der, seier Hodne.

Hus og eigedomar i framtida

Som VP fleire gonger tidlegare har skrive, så skal ein i BKK-konsernet auka lønsemda med 350 millionar kroner innan 2020.

– Som ein del av dette vurderer me framtida for eigedomane våre, seier Hodne.

– Det bur ikkje folk fast i den gamle, flotte BKK-messa i Dalevegen på Dale. Eit sal her er vel aktuelt då?

– Det er for tidleg å seia, seier Hodne.

– Kva med Kurssenteret. Er framtida her trygg no når her skal bli bedriftskantine for tilsette på Dale?

– Om innstrammingane me skal føreta får betydning for Kurssenteret, er heller ikkje avgjort, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Jarle Hodne.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.