annonse

Politiet ferdig med etterforskinga av dødsulukka på Dalegarden

TRAGISK
TRAGISK: Den tragiske ulukka skjedde på E16 på Dalegarden i juni i fjor. (Foto: Arkiv)

Politiet på Voss har no avslutta granskinga av ulukka der to unge menn omkom i ei MC-ulukke på E16 ved Dalegarden 19. juni i fjor.

– Dei to involverte køyrde ein tung motorsykkel på E16 frå Dale sentrum og gjennom Beitlatunnelen. Dei vart funne i vegbana like etter avkøyringa til Camillas Kro, litt etter klokka 01.30 på natta. Kriminalteknikarar i politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe har granska saka. Den kriminaltekniske granskinga har ikkje avdekt kven av dei to mennene som førte motorsykkelen den aktuelle natta, går det fram av ei melding frå Vest politidistrikt.

Ruspåverka

Det vert peika på at ulukka skjedde på ei oversiktleg og ganske rett strekkje.

– Det er ikkje funne noko ved vegen som kan ha vore årsak til ulukka. Ulukkesgruppa har avdekt at lufttrykket i dekka var lågt. Vidare vart det truleg halde høg fart under køyreturen. Denne kombinasjonen kan ha verka inn på ulukka. Dei to omkomne mennene vart obdusert ved Gades institutt. Den rettsmedisinske undersøkinga viser at begge to hadde spor etter rusmiddel i blodet, opplyser politiet.

Lokale

Dei to unge på 19 og 22 år som omkom i trafikkulukka kom frå Stamnes og Stanghelle. Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka.

– Påtalemakta, ved statsadvokaten, har lagt bort saka på grunn av mistenkte sin død, heiter det i meldinga frå Vest politidistrikt.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.