annonse

Politikarbesøk på skulen

VAL
VAL: Måndag stod kommunevalet på timeplanen til elevane ved Stanghelle skule. Listetoppane som besøkte skulen var (f.v.) Kjartan Haugsnes, (SV), Erlend Hesjedal-Johannessen (H), Tom Charles Johnsen (MDG), Hege Eide Vik (Sp), Thor Andersen (Ap), Boris Groth (FrP) og Bjart-Magnus Rosvold (KrF). (Foto: Stanghelle skule)

Elevane i 2.–7. klasse ved Stanghelle skule hadde måndag besøk av listetoppane til kommunevalet.

Esben Hesjedal

Lærar Inge Magnar Hauståker fortel at heile skulen har jobba med valet.

– Elevane har lært om dei ulike partia og kva det vil seia å ta ulike val. Det har også vore fokusert på at me alle kan vera med å påverka om me vil. Før listetoppane kom til skulen vår, så laga elevane spørsmål som dei fekk stilla. Det var mange gode spørsmål og svar, og kanskje vart det tent ein politikar-gneist i nokre av elevane våre. Takk til listetoppane som kom på besøk, seier Hauståker.

Elevane stilte spørsmål om alt frå om listetoppane ønskjer å innføra ein leksefri skule til kva dei meiner om bompengar.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.