annonse

Pølser frå Pøylo

PØYLEPARET
PØYLEPARET: Bjørn Eikfet og Laila Bolstad opplever suksess med sine kortreiste produkt. (Foto: )
KJØTSKJERING
KJØTSKJERING: Laila Bolstad i arbeid med skjering av geitekillingkjøt. (Foto: Magne Solhaug)
SPEKEPØLSE
SPEKEPØLSE: Bjørn Eikefet med ferdigkverna spekepølsedeig. (Foto: Magne Solahug)
: (Foto: )
Pølser
Pølser: Heng høgt (Foto: Magne Solhaug)
: (Foto: )

Magne Solhaug

På Høvik i Eksingedalen

ligg Pøylo, og der

produserer ein heimalaga

mat i stadig større

mengder.

– Det begynte vel så smått for eit par år sidan. Me hadde så mykje heimalaga til overs at me delte ut smaksprøvar til slekt og vener. Den gode responsen me fekk, sette oss på ideen om å gjera litt meir ut av denne hobbyen vår, seier Laila Bolstad. Saman med ektemannen Bjørn Eikefet driv ho verksemda «Heimalaga mat frå Pøylo».

Framleis skjer drifta på hobbybasis, men etter kvart som kundane vert fleire og salet aukar, så aukar tida paret brukar i dei små produksjonslokala sine heime i Pøylo. Dette har også gjort at Bjørn har teke permisjon to dagar i veka frå jobben sin i Modalen kommune. Likevel strekk ikkje tida til, det vert ofte både kvelds- og helgejobbing for dei to lokalmatentusiastane på Høvik.

Førre helga var døme på ei slik helg, då 17 nyslakta geitekillingskrottar vart levert i Pøylo. Nedskjering av kjøtet med etterfølgjande kverning og elting av spekepølsedeig tok si tid.

– Så me hadde å gjera på også desse «fridagane», smiler Laila og Bjørn, som har vore par i vel 30 år. At dei trivst i kvarandre sitt selskap, meiner dei pøylematen er eit godt bevis på.

– Me hadde nok ikkje gidda å halde på med dette utan, me er vel eit par som trass i mange år saman framleis trivst svært godt i kvarandre sitt selskap, smiler Laila.

– Ja, og det både på jobb og fritid, fullfører hennar betre halvdel.

Nyleg tok dei i bruk ny kjøl og frys, og ny pakkelinje i eit mindre nybygg. Frå før har dei eit lite røykjehus og produksjonslokale bygt inn i heimehuset i Pøylo i bedrifta der ein i år reknar med å runda den første millionen i omsetnad. Kundegrunnlaget finn dei pr. i dag i 12 daglegvarebutikkar i Vaksdal, Nordhordland og Voss, pluss Brekke i Sogn og Kvamskogen. I tillegg deltek dei på messer og festivalar.

Varespekteret må seiast å vera breitt for ei bedrift med samla produksjonsareal på under 40 m². Her er korv og pølser, kjøtpålegg i ymse variantar, sesongvarer som rullepølse, sylteflesk og anna heilt utanfor kjøtbransjen: Lutefisk og honning, sistnemnde på forsøksstadiet førebels.

– I jula var det eit heise køyr, me fekk nesten ikkje tid til å feira. Men me greidde å levera det me skulle, fortel Bjørn, som er den av dei to som i størst grad har hatt det heimelaga med seg frå barndomsheimen på Eikefet, litt lenger nede i Eksingedalen. Her var ein sjølvforsynt med mykje. Vegen frå smalafloren til middagsbordet var kort.

– Det eg lærte heime på Eikefet om tillaging av gardsmat har eg teke med meg og brukt og vidareutvikla her på Høvik, seier Bjørn Eikefet om familiebedrifta som med det skulle ha god dekning for namnebruken «Heimalaga mat frå Pøylo».

Eikefet vurderer no å seia opp jobben i kommunen, og satsa 100 % på Pøylematen.

– Eg tel på knappane. Eg har lyst til dette, me får slik god respons. Det er klart at sjølvtilliten aukar når ein får gode smaksmessige tilbakemeldingar frå stadig fleire kundar. Skikkeleg moro er det, seier Bjørn Eikefet.

ms@vaksdalposten.no





Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.