annonse

Premierte spreke turgåarar

SPREKE
SPREKE: Frå venstre Frank Breistein hjå arrangøren Bergsdalen Opp. Vidare dei tre vinnarane som hadde nådd flest turmål, nemleg Harald Olsnes, Kari Brørvik og May-Britt Eriksen. Nummer to frå høgre Inge Olsnes som hadde samla flest trimpoeng og heilt til høgre DoN-eigar Hilde Midthjell som delte ut genserpremiane. (Foto: Esben Hesjedal)

TRIM: Dei spreke vinnarane i trimpoengkonkurransen til Bergsdalen Opp fekk sist veke sine velfortente premiar. Utdelinga stod Dale of Norway-eigar Hilde Midthjell for.

Esben Hesjedal

Inge Olsnes hadde suverent flest poeng i konkurransen, der ein ved å velja mellom 195 korte og lange turmål kunne samla seg poeng. Frå konkurransen starta i juni og fram til november samla Olsnes heile 20.000 poeng. Jomar Flatekval vart nummer to med 13.075 poeng, medan Unn Evelyn Gullbrå nummer tre med 10.500 poeng.

Nordafjellet

Olsnes har ikkje akkurat lege på latsida sidan i sommar. Heile 903 innsjekkingar fordelt på 51 ulike turmål har dalingen fått registrert i tur-appen til Bergsdalen Opp.

– Eg har gått mest i Nordafjellet, der Harafjellet og Beitelen er favorittar. Å leggja opp turruta slik at eg har kunna gå innom fleire turmål og logga meg inn, har vore litt av strategien, fortalde Olsnes.

Han fekk overrekt ein OL-genser frå Dale of Norway av Hilde Midthjell under utdelinga i fabrikkantina.

– Eg er nok i veldig dårleg form i forhold til desse som har gjort det best i denne konkurransen. Den første tida eg var på Dale så gjekk eg ein del oppover i Bergsdalsvegen for å få frisk luft. Eg var nok sprekare då enn eg er no, smilte Midthjell.

Flest turmål

Eit nytt konkurranseelement denne gongen, har vore å samla seg flest ulike turmål. May-Britt Eriksen, Harald Olsnes og Kari Brørvik hadde samla seg 187 av totalt 195 turmål, og delte førsteplassen.

– Me gjekk kvar for oss i starten, men så fann me ut at me trong hjelp for å finna fram i dei delane av kommunen me ikkje var kjende i. Så då slo me oss i lag, fortalde May-Britt Eriksen.

Alle tre er samde om at det har vore kjekt å sjå nye delar av kommunen.

– I Stamnes har eg til dømes gått lite før, og der er det mange fine turar, meinte Kari Brørvik.

Godt merkte stølsturar

Harald Olsnes har fått auga opp for Eksingedalen.

– Der har eg gått mange fine turar, og spesielt til stølane i dalen er det godt merka og kjekt å gå, sa Olsnes.

Alle dei fire vinnarane synest det er greitt at konkurransen no er over. Ei viss form for «besettelse», vert det fort av slikt.

– Ja, det vert godt med ein pause no, slo dei fast.

Bygdekamp

Det var også ein konkurranse mellom bygdene i Vaksdal i konkurransen. Eksingedalen var her desidert best, framfor Bergsdalen. Stammes kom på tredjeplass. Mellom dei tre største bygdene var det jamt, men Vaksdal sneik seg forbi Dale og Stanghelle heilt på slutten, medan Eidsland kom nedst på lista. 134 deltakarar var med i konkurransen.

Samarbeid med turlag

Trimgeneral i Bergsdalen Opp, Frank Breistein, fortalde at det no iallfall vert pause fram til våren.

– Me får sjå kva me gjer vidare. Det er eit turlag under etablering i Vaksdal kommune, og me må saman med dei som er engasjerte der finna ut korleis me skal samarbeida, sa Breistein.

Noko meir enn eit løp

Breistein slo fast at Bergsdalen Opp handlar om kultur og lokal identitet.

– Eg likar å knyta Bergsdalen Opp og det at me får løfta fram turmål i Vaksdal, og å sjå tradisjonar frå tidlegare tider saman med det me driv med i dag. Friluftsliv, kultur og sport har alltid vore viktig på Dale og i bygdene rundt. Eg synest også at det er både kjekt og naturleg at me har eit så godt samarbeid med fabrikken og Dale of Norway. Det har ein symbolverdi at me har premieutdelinga her i fabrikkantina. Før, då fabrikk og lokalsamfunnet hang heilt tett saman, så gjekk folk med hoppskia på ryggen opp Bergsdalsvegen. No til dags spring me opp, sa Breistein.

Noko meir enn eit løp

Han meinte at det å delta på Bergsdalen Opp, og å bruka naturen, handlar om noko meir enn det reint idrettslege.

– Når folk spør kvifor dei må betala nokre kroner for å vera med på konkurransane våre, så handlar det om at trim-appen har ein liten kostnad. I tillegg så brukar eg å seia at alt går tilbake til idretten. Dessutan er ein rett og slett med på noko større enn ein sjølv, det skal ein ikkje undervurdera, sa Breistein.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.