annonse

Prisdryss til lokale lag

MANGE MOTTAKARAR
MANGE MOTTAKARAR: Dei av gåvemottakarane som var til stades på utesecna under Daledagane var frå venstre Monica Balestrand i Dale IL, Grete Langeland i Blanke Messingen, Morten Skage i Vaksdal Musikklubb, Robert Eriksen i Stanghelle IL, Ole Hesjedal i Kordial, Hege Alette Eilertsen i Vaksdal barne- og ungdomskorps, Anne Lise Helle i Vaksdal Musikklag, Rolf Erik Veka i Vaksdal Historielag, Anne Grete Børven og Andrè Bjørkhaug i Sparebanken Vest. (Foto: )

Stine Strand Carlsen

11 lokale lag fekk utdelt sponsormidlar av Sparebanken Vest under Daledagane.

Fredag delte Anne Grete Børven og André Bjørkhaug frå Sparebanken Vest ut sponsormidlar på utescena. Totalt vart det delt ut 150.000 kroner. Største potten fekk Dale IL, som var tilgodesett med 30.000 kroner. Leiar av idrettslaget, Monica Balestrand, tok lukkeleg imot pengane.

– Tusen hjarteleg takk! Dette kjem godt med til innkjøp av traktor som skal brukast på Geitabakken, sa Balestrand.

Også Vaksdal Underhaldningslag fekk til saman 30.000 kroner, der halvparten av pengane skal gå til hausttreffet i år og resten til Vintertreffet neste år.

Vaksdal Musikklag og Blanke Messingen fekk 20.000 kroner kvar. Vaksdal Historielag fekk 15.000 til oppgradering av fotoarkiv. Vaksdal barne- og ungdomskorps og Vaksdal Musikklubb fekk begge 10.000 kroner. Kordial, Stanghelle IL, badminton, og Vaksdal Næringsselskap/Vaksdal Underhaldningslag fekk 5.000 kroner kvar. Sistnemnde sitt tilskot skal gå til eit næringslivsseminar.

sc@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarer ()