annonse

Promillekontroll på Dale

KONTROLL
KONTROLL: UP sine folk kontrollerte sjåførar ved innkøyringa til Dale tysdag. (Foto: )

Tysdag føremiddag stoppa UP kring 80 bilistar på Dale i ein promillekontroll. Ingen vart tekne for ruskøyring.

Politibetjent Renate Hansen fortel om gode tilbakemeldingar frå dei som vart stoppa i Dale sentrum.

– Folk var positive og hadde tydelegvis ikkje noko imot å blåsa i målaren. Ingen fekk utslag, og det er sjølvsagt bra, sa Hansen.

– Positivt at politiet er ute

Lars Inge Brekke var mellom bilistane som måtte stoppa.

– Eg synest det er bra at politiet er ute og sjekkar litt, meinte bergsdalsmannen før han fekk køyra vidare.

Også Magnar Myklebust vart vinka til sides av UP.

– Det er første gongen eg er i ein slik promillekontroll. Eg har hatt sertifikat sidan eg var 18 år, og no er eg 76, smilte Myklebust.

Han skulle gjerne sett at politiet var på Dale oftare enn dei er.

– Tidlegare, då eg budde i sentrum, såg eg mykje tullkøyring. Det er forresten spor etter sladding og tull like her borte, fortalde Myklebust.

E16

Politibetjent Hansen fortalde at politiet får mange meldingar om dårleg køyring, spesielt på E16.

– Litt seinare i dag skal me ha ein fartskontroll mellom Dale og Bolstad. Det er langt frå alltid at me tek folk som køyrer ufornuftig og har stor fart, men det har nok ein førebyggjande effekt at me er synlege. I tillegg til fart og rus, så er mobilbruk noko som politiet er opptekne av. Mange sit og trykkjer på mobilen medan dei køyrer. Då mister ein fokus, og det kan enda med ulukker.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.