annonse

Radiorøysta frå Modalen

NYHEITER
NYHEITER: Elise Askeland Farestveit frå Modalen gjev NRK Hordaland sine lyttarar nyheiter. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
I STUDIO
I STUDIO: Elise Askeland Farestveit (til venstre) og Siv Fossåskaret i NRK sitt radiostudio. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
MORGONFUGL
MORGONFUGL: Radiosendinga til NRK Hordaland byrjar klokka 06.00. Dei dagane Elise Askeland Farestveit skal vera i studio, må ho opp mellom klokka 04.00 og 04.30. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
TRIVST
TRIVST: Elise trivst i NRK Hordaland. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Allereie som åtteåring laga Elise Askeland Farestveit (25) eigne radiosendingar på kassettspelaren. No er ho journalist i NRK Hordaland.

Kristine Næss Thorsen

Det er folketomt i Lars Hilles gate i Bergen sentrum. I Media City Bergen, der dei store medieaktørane i byen held hus, er det berre lysa i andre etasje som er tende.

Rundt eit bord med fire PC-ar i same etasje sit tre journalistar og trykkjer ivrig på kvar sitt tastatur. Klokka på veggen, som tel både minuttar og sekund, viser 05.36.30.

Det er 23 minuttar og 30 sekund til dei skal på lufta.

– Det kjekkaste med radio er at det er veldig biletleg utan at me sendar bilete. Eg likar godt at det er så levande, og tett på folk, seier Elise Askeland Farestveit (25) frå Modalen.

Jobbar multimedialt

Ho er ein av journalistane som er i full sving på jobb i NRK Hordaland. Når VP er på besøk, er 25-åringen produsent, som vil seia at ho er medprogramleiar i den tre timar lange morgonsendinga på radio, og syter for at alt er på plass før den startar og undervegs.

– Korleis er det å jobba så tidleg?

– Når ein må stå opp mellom klokka 04.00 og 04.30, er det nett som ein ikkje rekk å bli trøytt. Og så tek ein seg sjølvsagt litt saman under sending.

– Men ein blir veldig trøtt etter sending, repliserer programleiar og teknisk ansvarleg, Siv Fossåskaret.

Når Elise jobbar med radio, jobbar ho anten i studio, som denne torsdagen, med nyheitssendingar eller er ute og lagar radioreportasjar.

– Jobbar eg med bulletinar får eg mellom anna inn saker frå journalistane som har vore ute på oppdrag, oppdaterer nyheitsfeeden på nettsida, tek intervju og snakkar med politiet om kva som skjer, seier ho.

– Eg likar at dagane er ulike, og at eg ikkje alltid veit kva som ventar.

LIkar radio best

Modalsjenta har vore vikar ved distriktskontoret til statskanalen i litt over eitt år. Ho jobbar ikkje alltid med radio, men er også med å laga TV-innslag, og laga nyheitsaker til nettsida til NRK Hordaland.

Det meste gjer ho sjølv, utanom å filma og redigera TV-innslag.

– Det er gøy å laga TV, men radio er nok kanskje hjarta mitt aller nærast, stadfestar ho.

Radiotalent

Interessa for radio har Modalsjenta hatt frå ho var liten. Som åtteåring byrja ho å laga eigne radiosendingar på kassettspelaren sin på rommet sitt heime.

Elise fungerte både som nyheitsopplesar og dj, og pleidde å spela det ho hadde laga for foreldra.

– Eg koste meg veldig. Eg trur eit frø blei sådd der, smiler ho, som også tidleg oppdaga at ho likte å skriva.

På Mo skule skreiv ho side opp og side ned når ho fekk ei stiloppgåve. Frå skulen med 11 elevar i klassen, gjekk ferda til Knarvik vidaregåande skule. Ho hadde nokre mediefag på timeplanen, men valde studiespesialisering fordi ho ikkje var heilt sikker på om ho skulle bli journalist.

Det var først då ho byrja å studera journalistikk ved Høgskulen i Volda, at ho bestemte seg for at ho ville prøva seg på ein karriere i media. Sidan gjekk det slag i slag.

I studiepraksisen var ho i nyheitsavdelinga til NRK P3, og fekk sommarvikariat same stad. Hausten 2014 fekk ho jobb i Radio Norge, og blei med då dei opna nytt nyheitskontor i Bergen. Året etter, i ein alder av 23 år, blei Elise kåra til årets radiotalent.

– Korleis var det?

– Det var veldig stas å få utmerkinga. Ei æra, vil eg seia.

– Viktig med distriktet

Det er ofte andre journalistar ho blir inspirert av. Høyrer ho ei bra radiosending eller dokumentar, legg ho merke til gode grep og triks meir eller mindre ubevisst.

– Me har til dømes mange flinke folk i NRK, seier ho.

Ho er bevisst på å halda på dialekta si, og er kanskje blitt endå meir oppteken av det etter ho byrja i NRK.

– Her er dei glad i dialekt. Dessutan høyrest det kjempefint ut på radio.

Når ho ikkje er på jobb i Bergen, er ho mykje saman med venar frå heimstaden som bur i byen, og venar ho blei kjend på vidaregåande, i studietida og på jobb.

– Eg går gjerne på konsertar, trenar og reiser, viss eg har høve til det. Eg prøver å halda meg i aktivitet, seier ho.

Stressar ikkje

– Har du nokre draumar for framtida?

– Eg tenkjer at det i denne bransjen er eit mål i seg sjølv å ha ein jobb som ein trivst i.

– Eg held på så lenge det let seg gjera, og prøver å gjera det eg held på med best mogeleg. Men eg prøver å ikkje stressa med at vikariatet mitt går ut ein dag.

Modalsjenta har ingen tiårsplan. Og ho seier ho nærast tek ein dag av gongen.

Og truleg gjer ho lurt i det. For Elise, har nettopp det å ta dagane litt som dei kjem, og ha gøy på jobben, vore nøkkelen til suksess.

– Det er veldig kjekt å vera i NRK. Eg vonar eg får halda fram her.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.