annonse

Ras på E16, travelt for brannmannskapa

TRE
TRE: Eit av grantrea ved munningen av Langhelletunnelen kom tysdag morgon ned i vegbana. Dette biletet er teke tidlegare i samband med anleggsarbeidet i området. (Foto: Arkiv)

E16 var stengt både i retning Bergen og Voss, men både ved Langhelletunnelen og Nakkagiltunnelen er vegen opna igjen. Lokale brannmannskap har hatt ei travel natt.

Esben Hesjedal

Det gjekk to ras på E16 som stengde vegen.

Klokka 04.21 natt til første nyttårsdag vart det meldt om eit steinras ved Nakkagjeltunnelen mellom Bolstad og Evanger. Her skal både ein ambulanse og ein politibil på veg til ein brann på Voss ha køyrt inn i raset. Ingen kom til skade i samband med dette.

Klokka 07.45 vart det meldt om eit nytt ras. Denne gongen ved Langhelletunnelen, mellom Vaksdal og Trengereid, noko som gjorde at vegen var stengt også der.

Begge stader skulle det gjerast ei vurdering når det vart lyst.

Travelt

Lokale brannmannskap rykte ut både til ei brann ved Bavallstunet på Voss og til raset ved Langhelle.

Utrykkingsleiar Kai Ove Grenasberg fortel at tankbilen til brannvernet på Dale vart sendt til Voss då det like før klokka halv fem vart meldt om brann i fleire leilegheiter ved Bavallstunet.

Passerte rasstaden

– Då tankbilen kom til Nakkagilstunnelen, var det komme eit ras som både ein ambulanse og ein politibil hadde køyrt inn i. Ambulansen hadde køyrt inn i ein stein, medan politibilen hadde punktert. Tankbilen er stor og klarte å passera og køyra vidare til Voss. I venstre køyrebane var det mogleg å passera, fortel Grenasberg.

Mannskap frå tankbilen på Dale deltok i sløkkingsarbeidet ved leilegheitene i Bavallstunet, der fleire leilegheiter i ei rekkje på seks stod i brann. Ingen kom alvorleg til skade her, men 25 personar måtte til sjukehus for sjekk.

Langhelletunnelen

Klokka 07.45 vart det meldt om ras ved Langhelletunnelen. Brannmannskap frå Vaksdal og Dale rykte ut.

– Det var eit tre som var komme ned ved munningen på bysida av Langhelletunnelen. Ein bil var blitt treft og treet hadde skore seg inn i bilen, mellom anna framme på passasjersida. Bilføraren framstod som uskadd, opplyser Grenasberg.

Brannmannskapa saga treet, slik at den eine vegbana vart farbar. Men treet hadde teke med seg ei straumlinje. BKK var på staden for å vurdera stoda.

Også geolog frå Statens vegvesen skulle vurdera området før E16 kunne opnast igjen.

Både E16 ved Langhelletunnelen er no opna. I 12-tida tysdag opna også E16 ved Nakkagiltunnelen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.