annonse

Ras på Stanghelle

RAS
RAS: Ras over den kommunale vegen på Stanghelle. (Foto: Stine Strand Carlsen)
RAS
RAS: Frå dette fjellet har det komme massar ned. (Foto: Johnny Tveit)
RAS
RAS: Det kom også store steinar i raset. (Foto: Johnny Tveit)
RAS
RAS: Vegen til Brekkjen er stengt. (Foto: Johnny Tveit)

Torsdag føremiddag gjekk det eit ras på vegen opp til Brekkjen på Stanghelle. Ingen kom til skade.

Det har komme stein- og jordmassar ned fjellsida, og la seg i den kommunale vegen som går opp til skulen. Vegen er stengt. Raset har gått like nedom det gamle sandtaket, der det ligg ein fotgjengarovergang.

Birger Boge bur på Brekkjen og høyrde då raset gjekk

– Eg er ikkje overraska over at det rasa. Her har det rasa før, og det vil sikkert rasa igjen. Det er ei rasfarleg ur der med mykje laust. Ein stygg plass, seier Boge.

Vaksdal kommune melder at geolog er på veg for å sjå på rasstaden.

– Raset rører skulevegen til ein del elevar. Kommunen har folk ute som viser veg, og alle blir godt varetene, går det fram av ei meldingf rå kommunen.



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.