annonse

Ras stengjer Eidslandsvegen

STENGT
STENGT: Fylkesveg 569 er stengt ved Dalseid. Raset har gått kring 1 kilometer i retning Stamnes. (Foto: Esben Hesjedal)

Eit steinras stengjer fylkesveg 569 mellom Dalseid og Stamnes.

Esben Hesjedal

I 05.30-tida onsdag morgon vart det meldt om ras på fylkesvegen som bind Stamnes og indre strøk til E16.

Raset skal ha gått mellom to tunnelar, mellom Dalseid og Tretteneset.

Vegvesenet ventar på dagslys for å sjå kor omfattande raset er.

Omkøyring er via fylkesveg 313 over Nesheimsfjellet, eventuelt via Modalen og vidare til Bergen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.