annonse

Raset har losna høgt over vegen

STORE STEINAR
STORE STEINAR: Det er store steinblokker som har komme ned på fv 569 mellom Dalseid- og Tretteneset. (Foto: Statens vegvesen)

Steinblokkene som rasa ned på fylkesvegen mellom Dalseid og Trettenes har losna høgt oppe frå fjellsida. Onsdag morgon i ni-tida var geolog venta på staden.

Magne Solhaug

Det var klokka 05,30 at Vegtrafikksentralen fekk beskjed om raset. Ingen bilar eller personar skal ha blitt råka av steinane som dundra ned i vegbana.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø, seier til VP tidleg onsdag at ein ventar på geolog.

– Skodda som har hindra sikt inn til rasstaden ser heldigvis ut til å letta, så då får me truleg ei vurdering frå geologen ut på føremiddagen, seier Bergstø.

Ho kan førebels ikkje seia noko om kor tid vegen vert opna.

– Det spørst nett kva geologen konkluderer med, Må ein opp i fjellsida og gjera tiltak, kan det fort gå noko tid før me kan opna att, seier Bergstø.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.