annonse

Rykte ut til mølleanlegget

Torsdag føremiddag, like før klokka 11.30, vart det meldt om varmgang i ein kompressor ved mølleanlegget på Vaksdal.

Brannmannskap frå Vaksdal og Dale rykte ut.

– Mølla sine eigne folk hadde tatt seg av hendinga då me kom fram. Det var varmgang i ein kompressor. Me kunne raskt returnera til brannstasjonen, opplyser brannbefal Idar Fosse.

Hendinga skjedde i 10. etasje ved Felleskjøpet sin del av mølleanlegget.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.