annonse

Samarbeidslag i damefotballen

SERIESTART FOR DAMELAGET
SERIESTART FOR DAMELAGET: Trenarar og nokre av spelarane på Dale/Stanghelle/Vaksdal sitt 5. divisjonslag. Frå venstre trenar Bjørn Skjerveggen, Emelie Dahle Skjerveggen, Karoline Sandvik, Tonje Skorve, Vanja Falkaner og spelande trenar Hanne Mehus Lie. (Foto: Esben Hesjedal)

FOTBALL: Dale/Vaksdal/Stanghelle heiter det lokale 5. divisjonslaget for damer, som serieopnar med bortekamp mot Lindås i dag, søndag.

Magne Solhaug

Same lagsnamna går att på dei lokale laga i ungdomsseriane i krinsen. Med det er det opna opp for samarbeid på tvers av klubbgrensene.

Felles lag

– Dette synest me er flott. Då kan unge som er 15 år eller eldre, og anten om dei spelar på Dale, Stanghelle eller Vaksdal, vera med å spela for damelaget. Ei ordning me nok vil få bruk for i løpet av sesongen, seier trenar Bjørn Skjerveggen.

Usemje om ambisjonsnivå

Saman med Hanne Mehus Lie har Skjerveggen ansvaret for laget i år, som har ein plass midt på tabellen som ambisjon.

– Ikkje alle i spelargruppa er einige med oss her. Nokon her tenkjer på opprykk, men me meiner no at det er lite realistisk i år, seier Skjerveggen.

Skjerve-søstrene til Voss

Ein hovudgrunn til det er at laget har mista målgarantistane frå fjorårssesongen, søstrene Malin og Aina Skjerve, til FBK Voss.

– Det kjem til å merkast er eg redd. Spesielt Aina, som i 2017-sesongen i snitt skåra tre mål i kvar kamp for oss, vert sakna, seier Skjerveggen.

Han og laget satsar på at andre og nye spelarar med «mål i blikket» melder seg til teneste.

– Det skjer, me har hatt ein god treningsvinter, seier trenaren, som kan melda om ein i tilgang i spelartroppen. Midtbanespelar Lena Jondahl Haugen frå Jondal stiller i den blå daledrakta i år.

Nøkkelspelarar

Spelartroppen er stor, 21 tilgjengelege på papiret. Ingeborg Ese Haga, søstrene Andrea, Pia og Emilie Dahle Skjerveggen og målvakt Tonje Skorve, utgjer sentrallinja i laget.

– Me har ein veldig god og trygg keeper i Tonje. Postbodet og småbarnsmora hadde planar om å gje seg i fjor, men heldigvis vart ho med vidare og har satsa for fullt. Eg trur Tonje har vore på alle treningane, og vert svært viktig for for oss i år, seier Bjørn Skjerveggen.

Futsal og fotball

Laget spelte torsdag sin første treningskamp for sesongen, mot eit av ungdomslaga til klubbane.

– Damene har vore med i futsalserien og fått litt kamptrening der, sjølv om me ikkje kan samanlikna futsal og fotball akkurat. Me er uansett klare til sesongstart, og gler oss til kamp på Lindås søndag og til første heimekamp på Geitabakken neste søndag, seier trenar Bjørn Skjerveggen.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.